Hopp til innhold
X
Innhald

Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov

Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov, 1904–90, var russisk fysikar. Han oppdaga i 1934 at når elektrisk ladde partiklar med fart nær lysfarten går gjennom fast, gjennomsiktig stoff, vil dei ha større fart enn lyset inne i stoffet. Dette fører til ei blå og ultrafiolett stråling som blir kalla tsjerenkovstråling.
 
Tsjerenkov fekk nobelprisen i fysikk i 1958 saman med I.J. Tamm og I.M. Frank.

Først publisert: 14.12.2011
Sist oppdatert: 14.12.2011