Hopp til innhold
X
Innhald

Per Inge Torkelsen

Per Inge Torkelsen, klovn og forfattar.

Torkelsen er fødd i Stavanger 21. mars 1953. Han blei juniornoregsmeister i tryllekunst i 1972 og dreiv i mange år skraphandel i Stavanger, før han blei artist på heiltid. Sidan 1981 har han vore ein sentral figur i revygruppa Løgnaslaget i Stavanger. Han var ein av initiativtakarane til Den Store Norske Humorfestivalen, som blir arrangert i Stavanger kvart år.
 
Som pasjonert samlar var Torkelsen med og etablerte Norsk Barnemuseum i Stavanger i 2001.
 
Torkelsen har gitt ut ei rekkje humorbøker, fleire av dei med ein alvorleg undertone. Den første kom i 1986, og seinare har han mellom anna skrive Den store norske doboka (1989), Den store stygge idrettsboka (1992) og memoarboka Ikkje heilt rektige (2004).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013