Hopp til innhold
Pjotr Tsjajkovskij. Kredit: Henta frå boka «Tchaikovsky» av Edwin Evans (J.M. Dent & Company 1906).
Pjotr Tsjajkovskij. Kredit: Henta frå boka «Tchaikovsky» av Edwin Evans (J.M. Dent & Company 1906).
X
Innhald

Pjotr Tsjajkovskij

Pjotr Iljitsj Tsjajkovskij, russisk komponist. Han skreiv velkjende verk som Nøtteknekkjaren og Svanesjøen og vart den første russiske komponisten som oppnådde langvarig internasjonal status.

Pjotr Tsjajkovskij var fødd 7. mai 1840 i Votkinsk i Russland og døydde 6. november 1893 i St. Petersburg. Han tok juristutdanning i tenåra og arbeidde nokre år som byråkrat i det russiske Justisdepartementet, før han tok til å studere musikk i St. Petersburg.

Då han var ferdigutdanna, fekk han jobb ved konservatoriet i Moskva, der han vart verande i tolv år. Etter dette levde han på eit fast stipend frå Nadesjda von Meck, ei rik enkje, som lét han arbeide fokusert med musikken resten av livet.

Tsjajkovskij var den fremste russiske komponisten på 1800-talet og sameinte effektivt den russiske bakgrunnen sin med ei grundig skulering i klassisk musikk av vestleg modell. Dei fremste modellane hans var klassiske komponistar som Mozart og Beethoven, og påverka av desse to er musikken hans gjennomsyra av ei meisterleg og klar instrumentering. Konservatorieutdanninga gjer at musikken hans skil seg kraftig frå dei mest kjende av dei samtidige russiske komponistane, som var sjølvlærde og mindre opne for den vestlege tradisjonen.

Musikken hans er svært personleg, og særleg dei seinare verka er dystre og lagnadstunge. Nokre av dei viktigaste verka er Pianokonsert nr. 1 (1875), operaene Eugen Onegin (1879) og Spar dame (1890), ballettane Svanesjøen (1876), Tornerose (1890) og Nøtteknekkjaren (1892), ouverturen Romeo og Julie (1869) og dei tre siste symfoniane hans, nummer 4–6 (1880, 1888 og 1893).

Tsjajkovskij fekk tildelt St. Vladimir-ordenen av tsar Aleksander 3. i 1884 og vart utnemnd til æresdoktor ved universitetet i Cambridge i 1893.

Utdanning og konservatorieliv

I 1862 søkte Tsjajkovskij seg inn på det nystarta musikkonservatoriet i St. Petersburg, der han fekk ei profesjonell komponistutdanning etter vestleg modell, med Anton Rubinstein som lærar. Musikalsk blomstra han, og då han var uteksaminert i 1865, fekk han jobb på det nystarta systerkonservatoriet i Moskva, under bror til Rubinstein, Nikolaj.

I Moskva etablerte Tsjajkovskij seg i musikkmiljøet, men sjølv om musikken hans vart regelmessig framført, streva han med å verte fullt akseptert som komponist. Som den fremste eksponenten for Rubinstein-skulen kom han òg i skotlina til dei prominente «dei fem» (Nikolaj Rimskij-Korsakov, Milij Balakirev, César Cui, Modest Mussorgskij og Alexander Borodin), som mistrudde komponistar som hadde profesjonell musikkutdanning. Likevel var det éin av dei, Balakirev, som gav Tsjajkovskij ideen til Romeo og Julie, som vart det første meisterverket hans.

Musikkdrama og personlege kriser

Tsjajkovskij skreiv fleire operaer, men sleit ofte med å treffe den dramatiske nerven. I 1875–76 skreiv han musikken til eit av dei verka som er mest populære i dag, Svanesjøen, men også dette verket vart kjølig motteke, og det var ikkje før balletten vart revidert og sett opp att etter at Tsjajkovskij var død, at han oppnådde ein etablert status i ballettrepertoaret.

(Artikkelen held fram etter vidoen)

Video: Svanesjøen ved Kirovballetten (Mariinskijballetten) i St. Petersburg.

I 1877 gifta den homofile Tsjajkovskij seg med den unge Antonina Miljukova, eit katastrofalt ekteskap, som ikkje berre var over i løpet av to månader, men som sende han inn i ei djup personleg krise. Denne krisa fekk akutt innverknad på dei to neste verka hans, Symfoni nr. 4 og den sterke operaen Eugen Onegin, som begge meir eller mindre tek for seg ekteskapet med Antonina, gjennom parallellar og referansar.

Den namngjetne komponisten

Etter ekteskapet var over, reiste Tsjajkovskij kvilelaust kring i Europa heilt fram til 1885, og i denne perioden komponerte han ganske lite. Desse åra auka likevel statusen hans internasjonalt, og trendar i tida gjorde at då han kom attende til Russland i 1885, var det eit langt meir venleg innstilt publikum som venta han.

Tsjajkovskij skreiv dei fleste sentrale verka sine i løpet av dei fem siste åra i livet. Det første var Symfoni nr. 5, fullt av patos og symbolske referansar. Han skapte Tornerose saman med den legendariske ballettmeisteren Marius Petipa, som gav Tsjajkovskij nøyaktige instruksar for kvart nummer av den til saman nesten tre timar lange balletten.

(Artikkelen held fram etter vidoen)

Video som viser utdrag frå Tornerose på Den Norske Opera & Ballett.

Etter premieren på Tornerose byrja Tsjajkovskij straks på Spar dame, den andre operaen hans som enno ofte vert framført. Desse verka illustrerer ein tydeleg tendens i den siste perioden til Tsjajkovskij, der tankane om døden vert tydelegare, og ein får ein filosofisk skilnad mellom det mørke som er av denne verda, og det lyse og håpefulle som ikkje er det. Dette gjeld òg for den siste balletten, Nøtteknekkjaren, som er kjenneteikna av dei fortryllande, minneverdige melodiane. Som dei andre ballettane hans var det først etter at han var død, at Nøtteknekkjaren fekk den dominerande plassen i ballettrepertoaret som han har i dag.

Den siste symfonien hans, Pathétique, har vorte uløyseleg knytt til det mystiske og omdiskuterte dødsfallet hans, berre ni dagar etter at han sjølv dirigerte under premieren, 28. oktober 1893. Teoriane om at han sjølv tok livet sitt og skreiv symfonien som «sjølvmordsbrev», er likevel spekulative og svært omdiskuterte. Den mest vanlege teorien om dødsårsaka er at han fekk kolera av eit glas ukokt vatn.

Kjelder

Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music. Sixth Edition. New York 2001

Geoffrey Norris og Marina Frolova-Walker: «Tchaikovsky, Pyotr Il′yich», The Oxford Companion to Music. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e6681 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 24.11.2014]

Roland John Wiley: «Tchaikovsky, Pyotr Il′yich», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/51766 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 24.11.2014]


Sist oppdatert: 24.09.2015