Hopp til innhold
Foto: Universitetet i Oslo
Foto: Universitetet i Oslo
X
Innhald

Rolf Theil

Rolf Theil, lingvist og uvanleg språkmektig formidlar av kunnskapar om språk frå heile verda.

Theil er fødd 30. oktober 1946 i Porsgrunn. Han tok magistergraden i lingvistikk i 1975, med kinesisk og samisk som støttefag. Han er i dag professor i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Som språkforskar er Theil kognitivist og ser såleis språklege mønster og kategoriar i samanheng med måtar menneske tenkjer på.
 
I forskinga si har Theil vore særleg oppteken av afrikanske språk, til dømes det vestafrikanske fulfulde-språket. Han har også laga ei rettskriving for språket nizaa, som blir snakka i Kamerun, og som tidlegare ikkje hadde funnest som skriftspråk. Han arbeider for tida med eit tilsvarande prosjekt for taterspråk, der han utarbeider ei lærebok i norsk romani for skuleborn.
 
Theil har vore leiar for Landslaget for språklig samling og redaktør for medlemsbladet Språklig Samling. I innføringsboka Fonetikk og fonologi (1988) har han prøvd ut ein eigen samnorskvariant. Som formidlar har han halde ei rekkje foredrag og har hatt språkspalte i Klassekampen og VG. I 2007 gav han ut den populærvitskaplege boka Skyformasjonane på San Franciscos sørhimmel i grålysninga 30. april 1882 og grunnane til at vi ikkje har sett namn på dei. Reiser mellom språk. Theil skriv for Allkunne om språk frå heile verda.
 
Kjelder
Trine Nickelsen: «Rolf Theil Endresen: Grenselaust forelska i språk», Apollon nr. 3/2001

Først publisert: 17.12.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013