Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Rune Timberlid

Rune Timberlid, journalist, informasjonssjef og forfattar av kriminalromanar med handlinga lagd til Sogn og Fjordane.

Timberlid er fødd i Sogndal 31. januar 1950. Han er utdanna journalist frå Norsk Journalisthøgskole i 1975 og har arbeidd i mellom anna Aftenposten, Dagbladet, NTB, Sogn Avis og Firda, der han var redaktør 1990–1995. Frå 2001 til 2017 var Timberlid informasjonssjef i Lotteri- og stiftelsestilsynet, med avbrot i 2004–2005, då han var redaktør i Sogn Avis.
 
Då Firda feira 75-årsjubileum i 1993, tok han initiativ til ei novelletevling der dei beste tekstane blei trykte i samlinga Heimland. Mellom dei som debuterte her, var Olaug Nilssen og Maria Tryti Vennerød.
 
Rune Timberlid debuterte med kriminalromanen Spritdrapet i Sogn og Fjordane i 1991 under pseudonymet Roger Fjorden. Etter debuten har han skrive fleire kriminalromanar med handling frå Sogn og Fjordane, tufta på den gode kjennskapen han har til heimfylket og ei sterk interesse for lokalhistorie. Helten i alle bøkene er lensmannsbetjent Rolf Randen frå Høyanger. Oppdraga hans spenner vidt, frå terrorisme og kidnapping på ei ferje i Sogn til tjuveri av eit kjent Astrup-bilete.

Peikarar

Bibliografi i Oria

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 01.08.2018