Hopp til innhold
X
Innhald

Sigbjørn Tormodsgard

Sigbjørn Tormodsgard, journalist, forfattar og redaktør i avisa Hallingdølen i ei årrekkje. Hallingdølen er den største nynorske avisa på Austlandet.

Sigbjørn Tormodsgard er fødd i 1944 og voks opp i Ål i Buskerud, der han òg er busett.

I nesten 23 år, mellom 1976 og 1998 var Sigbjørn Tormodsgard ansvarleg redaktør i Hallingdølen. Både før og etter at han gjekk av som ansvarleg redaktør, hadde han andre oppgåver i avisa. I Hallingdølen er alt redaksjonelt stoff på nynorsk, og det er den største nynorske avisa på Austlandet.

Mellom 2007 og 2014 gav han saman med sambygdingen Olav Oppsato ut fem bøker i ein bokserie frå og om Ål i perioden 1870–1970: Gamle Aal i tekst og bilete 1–5.

I ungdomen var Tormodsgard styremedlem i Telemark Unge Venstre.

Sigbjørn Tormodsgard fekk Ål kommune sin kulturpris i 2008 saman med Olav Oppsato for arbeidet med Gamle Aal i tekst og bilete.

Kjelder

Rita Stavn: «Kulturprisen i Ål til Olav Oppsato og Sigbjørn Tormodsgard», radiohallingdal.no: http://radiohallingdal.no/nyheter.php?newsID=2668&katID=6 [lesedato 8.11.2016]

Peikarar

Prosjekt Gamle Aal, villasolstua.no

Først publisert: 10.03.2017
Sist oppdatert: 10.03.2017