Hopp til innhold
Sigurd Tremoen. Foto: Fylkesmannen i Oppland, med løyve for Allkunne.
Sigurd Tremoen. Foto: Fylkesmannen i Oppland, med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Sigurd Tremoen

Sigurd Tremoen, sivilingeniør og assisterande fylkesmann i Oppland. Han er fungerande fylkesmann i Oppland frå 2016.

Sigurd Tremoen er fødd 13. juli 1965 i Stor-Elvdal i Hedmark og er busett på Lillehammer. Han tok vidaregåande skule i 1981–84 og utdanna seg til sivilingeniør ved NTNU (tidlegare NTH) i 1986–91.

 

Han arbeidde i Statens forureiningstilsyn (no Miljødirektoratet) i 1993–2002, mellom anna som seksjonssjef, og han var tilsett i Miljøverndepartementet i 2002–05.Tremoen arbeidde hos Fylkesmannen i Oppland i 2005–07 som avdelingsdirektør i miljøvernavdelinga. Han var avdelingsdirektør ved Statens forureiningstilsyn/Klif i 2007–09 og blei assisterande fylkesmann i 2010.

 

Sigurd Tremoen vikarierer som fylkesmann for Christl Kvam frå 2016, medan ho er statssekretær for arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. Vikariatet varer ikkje ut over 2018, på grunn av endringar i fylkesmannsembeta.

 

Kjelder

Miljødirektoratet: «Sigurd Tremoen skal leie SFT si kjemikalieavdeling», miljødirektøratet.no: http://www.miljodirektoratet.no/no/Nyheter/Nyheter/Old-klif/2007/Desember_2007/Sigurd_Tremoen_skal_leie_SFT_si_kjemikalieavdeling/ [lesedato 17.10.2016]

Fylkesmannen i Oppland: «Sigurd Tremoen konstituert som fylkesmann», fylkesmannen.no: https://www.fylkesmannen.no/Oppland/Nyheter-forsiden/Sigurd-Tremoen-konstituert-som-fylkesmann/ [lesedato 17.10.2016]

 

Peikarar

Olav Iverslien: «Ikke grunnlag for ny kommunestruktur i Oppland NÅ», gausdolen.no 

Først publisert: 25.04.2017
Sist oppdatert: 26.04.2017