Hopp til innhold
X
Innhald

Snorre Tindberg

Snorre Tindberg, scenograf, var tilknytt Det Norske Teatret i 50 år. Han var òg ein levande og humoristisk historieforteljar.

Snorre Tindberg var fødd i Svolvær 23. desember 1923 og døydde i Oslo 23. juni 2008. Han vart tilsett som assistent ved Det Norske Teatret i 1949, samstundes som han studerte ved Statens Kunst- og Håndverkskole. Frå 1958 var han tilsett som fast scenograf. Frå 1969 til 1986 var han både scenograf og teknisk sjef ved teatret. Han gjekk av med pensjon i 1993.
Frå 1954 til 1998 gjorde han nitti scenografiar ved Det Norske Teatret. Han var ein allsidig teatermann, mellom anna med eit sterkt engasjement for barneteater. Styrken i scenografien hans var særleg knytt til realistiske miljøskildringar, som i Medmenneske av Olav Duun (1976) og i teknisk krevjande oppsetjingar som Ein seljars død av Arthur Miller (1967). Han hadde òg stor suksess med fleire oppsetjingar av Harold Pinter og Samuel Beckett, til dømes Mens vi ventar på Godot (1970). Den siste scenografien han gjorde, var av Kjell Aukrusts Krokryggen (1998). Etter at han gjekk av med pensjon, var han knytt til teatret som omvisar.
Snorre Tindberg var kjend som ein dugande forteljar, ikkje minst gjennom NRKs humorprogram frå Rorbua i Tromsø: «Du skal høre mye». Her kom det nordnorske lynnet og forteljargleda hans til sin rett. Som 76-åring i 2000 debuterte han som skodespelar i filmen Når mørket er forbi, regissert av Knut Erik Jensen, med tema frå Nord-Noreg.
Kjelder
Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. Oslo 1988
Heidi Solheim Johansen: «Tidligere scenograf Snorre Tindberg. Nå går han til filmen», Aftenposten 23.12.1998
Vidar Sandem: «Minneord over Snorre Tindberg», Aftenposten 4.7.2008
Peikarar
Rorbua, Snorre Tindberg, «Bombinga av Bodø», youtube.com

Først publisert: 07.06.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013