Hopp til innhold
X
Innhald

Stein Erik Tafjord

Stein Erik Tafjord, fødd 1953, er jazzmusikar med tuba som instrument. Tafjord vekte oppsikt med virtuost spel i tradjazzbandet Ytre Suløens Jassensemble i åra 1973–92.
 
Han var med i Kringkastingsorkestret i 1976–80, og deretter Det Skandinaviske Jazzensemblet under leiing av Carla Bley før han var med på å danne Brazz Bros i 1981.
 
Tafjord har hatt konsertar i USA og Afrika, seminar og ei rekkje plateinnspelingar. Stein Erik Tafjord fekk Buddy-statuetten i 1991.
 
 
Sjå video med Brazz Brothers, Lokkeslått:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 09.01.2014