Hopp til innhold

Steinulf Tungesvik

Steinulf Tungesvik, advokat, Senterpartipolitikar og tidlegare statssekretær.

Steinulf Tungesvik er fødd 24. desember 1965 i Skånevik i Hordaland og er busett i Bergen. Han tok Postskolen i 1984–89, var førstekonsulent i Postdirektoratet i 1989–93 og blei cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1994. I 1995–97 var han gruppesekretær for Senterpartiets stortingsgruppe, i 1997 dommarfullmektig ved Oslo tingrett og i 1997–2000 politisk rådgivar, seinare statssekretær i Sosial- og helsedepartementet. I perioden 2005–08 var Tungesvik statssekretær i Samferdsledepartementet. Han har arbeidd som forretningsadvokat i Kluge advokatfirma i Oslo 2000–04 og Bergen 2004–05, som senioradvokat frå 2008.
Tungesvik var styremedlem i Studentmållaget i Oslo, Norsk Målungdom og Noregs Mållag i ei årrekkje, og leiar leiar i Juristmållaget 1998—2005. Våren 2005 blei han leiar i Noregs Mållag og tok over og profilerte Slepp nynorsken til-kampanjen, før han slutta som leiar i oktober 2005 for å bli statssekretær.
Tungesvik var forfattar av forprosjektsrapporten Norsk ordbok 2014 (2000). Dette var grunnlaget for opptrappinga av arbeidet med Norsk Ordbok til komplett verk i 2014. Han er leiar i Norges Skiforbunds domsutval (frå 2005), leiar i Hordaland Senterparti (frå 2008), vararepresentant til Stortinget for Hordaland Senterparti (2009–13), styremedlem i Norsk Bane AS (frå 2010), varamedlem konsernstyret i NSB AS (frå 2011) og nestleiar i styret i Det Norske Teatret (frå 2011).
Tungesvik fekk Juristmållaget sin målpris i 2014.
Kjelder
Advokatfirmaet Kluge si nettside om Steinulf Tungesvik, http://www.kluge.no/?aid=9078157&eid=9081923 [lesedato 6.11.2011]
Regjeringen.no si nettside om Steinulf Tungesvik, http://www.regjeringen.no/nb/dokumentarkiv/stoltenberg-ii/sd/andre-dokumenter/personer/2006/statssekretar_steinulf_tungesvik.html?id=1680 [lesedato 6.11.2011]
Peikarar

Først publisert: 30.01.2012
Sist oppdatert: 09.04.2014