Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Hovden Tveiten

Svein Hovden Tveiten, 1841–1924, var fjellbonde og folkesongar (kvedar). Tveiten kom frå Grungedal i Telemark, men budde på Hovden i Setesdal. Han song inn på voksrullar for Rikard Berge. Tveiten var ei viktig kjelde for Ole Mørk Sandvik, og han har vore viktig for andre folkesongarar i ettertida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 13.01.2014