Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Tindberg

Svein Randor Tindberg, skodespelar som har tolka allsidige roller. Frå 1990-åra har han hatt stor suksess med å framføre og formidle bibeltekstar på scenen, med framsyninga Abrahams barn i 2011–12 inkluderer det òg Koranen.

Svein Tindberg er fødd i Oslo 25. juni 1953. Han tok examen artium ved Nissen Gymnas i 1972, var elev ved Det Norske Teatret i 1972–74 og fullførte Statens Teaterhøgskole i 1976. Frå same året har han vore tilsett ved Det Norske Teatret, med nokre avbrot. I 1980–81 var han i Fjernsynsteatret, i 1987–89 gjesta han Trøndelag Teater, i 1996–99 Nationaltheatret og i 2001–02 Riksteatern i Sverige.
Tindberg bestemte seg tidleg for å verte skodespelar. Faren var scenograf ved Det Norske Teatret, og det hadde mykje å seie for yrkesvalet hans. Han har spela mange klassikarroller, mellom anna Clitandre i Molières Lærde damer (1984), Romeo i Shakespeares Romeo og Julie (1985), tittelrolla i Edmond Rostands Cyrano de Bergerac (1993) og i Hamlet (1998), Lord Goering i Oscar Wildes Den perfekte ektemann (1996), Edgar i Kong Lear (2007), Osvald i Ibsens Gengangere (1987), Gregers Werle i Vildanden (1996) og Otte i Olav Duuns Juvikfolke (2004). I moderne drama har han utmerkt seg i roller som Kong Kristian i Edvard Hoems Sankt Olavs skrin (1990), Harald i Lars Noréns Tida er vår heim (1994) og Martini i Frode Gryttens Bikubesong (2003).
I det kunstnariske arbeidet har Tindberg tematisert religiøse spørsmål og gudstru. Rolla som presten Johannes i Kaj Munks Ordet førte han inn i dette interessefeltet. Størst suksess har han hatt med einmannsframsyningane Evangeliet etter Markus (1995), Apostlenes gjerninger (2000) og Abrahams barn (2011/2012), der dei tre verdsreligionane jødedom, kristendom og islam står sentralt. Den siste framsyninga har han skrive sjølv. Monologframsyningane syner tru på dei religiøse tekstane si eiga formidlingskraft, og slik har Tindberg medverka til å fornye forteljartradisjonen kring denne typen tekstar.
Tindberg har gjort fleire friluftsoppsetjingar, mellom anna har han regissert Mostraspelet, der han òg har spela Olav Haraldsson (1998–99, 2005). Han har medverka i fleire filminnspelingar og plateutgivingar med resitasjon og opplesing. Han har fått fleire prisar for det kunstnariske arbeidet sitt, mellom anna Teaterkritikarprisen, Norske Teaterlederes pris og Telenor Bedrifts kulturpris i 1995, Bibelprisen i 1996, Oslo bys kunstnerpris i 1997, Brobyggerprisen i 2001 og Petter Dass-prisen i 2011.
Kjelder
Ruth Krefting Enger: «Tindbergs bibelske tusenårsløft», Aftenposten 10.6.1999
Lillian Fjæren Johnsen: «Tindberg, Svein», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 2005
Hanne Mauno: «Evangelisten», Dagsavisen 24.12.2011
Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. Oslo 1988
Nils J. Ringdal: Nationaltheatrets historie 1899–1999. Oslo 2000
Peikarar

Først publisert: 07.06.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013