Hopp til innhold

Sverre Tusvik

Sverre Tusvik, tidlegare sjefredaktør i Det Norske Samlaget. Som forleggjar og redaktør har Tusvik vore spesielt oppteken av å fremje nynorsk sakprosa.

Sverre Tusvik er fødd 24. april 1945 i Ängelholm i Sverige, voks opp i Høyanger i Sogn og Fjordane og bur i Oslo. Han tok examen artium ved Sandefjord gymnas i 1965. Tusvik studerte først filosofi og fransk og blei cand.philol. med hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1975. Hovudfagsoppgåva hadde tittelen «Vegen från jag till vi. Sven Delblanc og den litterære debatten i 1960-åra. Nokre utviklingsdrag».

Tusvik blei tilsett i Det Norske Samlaget i 1976 og arbeidde der til han gjekk av med pensjon i 2012. Han var redaktør i Syn og Segn i 1997–81, skulebokredaktør, deretter redaktør og redaksjonssjef for den skjønnlitterære seksjonen i Samlaget, og frå 1999 var han leiar for sakprosaavdelinga. Formelt er han gått av med pensjon, men han arbeider enno som frilansredaktør for forlaget.

Han har vore redaktør for meir enn 800 bøker – biografiar, diktsamlingar, praktbøker, humorbøker og bøker om kulturhistorie. Han redigerte mellom anna dagbøkene til Olav H. Hauge og antok Jon Fosse som forfattar for forlaget. Tusvik er ein tydeleg forkjempar for nynorsk, særleg har han kjempa for å fremje nynorsk i sakprosabøker.

Tusvik har også mange verv i norsk kulturliv. Han var redaksjonsmedlem i Allkunne i 2009–12, er med i NORLAs faglege råd for faglitteratur, er leiar av språkprisjuryen til Språkrådet og er med i juryen for NTBs språkpris og Samlagsprisen. Han er òg medlem av språkpolitisk råd i Det Norske Teatret og det faglege rådet for SILK (Skudeneshavn internasjonale litteratur- og kulturfestival).

Sverre Tusvik er far til komikaren Sigrid Bonde Tusvik og bror til forfattaren Marit Tusvik.

Kjelder

Telefonsamtale med Sverre Tusvik 23.2.2018.

«Sverre Tusvik: Det norske Samlaget», Prosa nr. 5/2006, prosa.no: http://2001-10.prosa.no/artikkel.asp?ID=81 [lesedato 21.2.2018]

«Sverre Tusvik», Litteratursymposiet i Odda, litteratursymposiet.no: http://www.litteratursymposiet.no/program/forfattarar/sverre-tusvik [lesedato 21.2.2018]

Først publisert: 15.02.2019
Sist oppdatert: 15.02.2019