Hopp til innhold
X
Innhald

Terje Tvedt

Terje Tvedt er historikar, forfattar, filmskapar og samfunnsdebattant. Han er ein skarp kritikar av norsk utanrikspolitikk og utfordrar biletet av Noreg som fredsnasjon og leiande forsvarar av menneskerettane.

Terje Tvedt er fødd 24. august 1951 i Stavanger, men voks opp på Kløfta i Akershus. Han er professor ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen og professor II ved Institutt for arkeologi, konservering og historie, Universitetet i Oslo.

Eit sentralt område i den historiske forskinga til Tvedt er den rolla ferskvatnet har spela for samfunnsforming, utvikling og konfliktar. Han tok hovudfagseksamen i historie ved Universitetet i Bergen i 1984 på ei oppgåve om kanalprosjektet i Jonglei i Sør-Sudan og har seinare skrive fleire bøker om Nildalens historie. Tvedt var òg redaktør for 9-bindsverket A History of Water.

Tvedt har eit vidt perspektiv i både rom og tid, er ein flink formidlar og bruker fleire medium. I 2008 fekk han utmerkinga Gullruten for TV2-dokumentaren «En reise i vannets fremtid».

Eit anna hovudtema hos Tvedt er Noreg sitt sjølvbilete i verda. Han tok doktorgraden i 1993 på ei avhandling om norske oppfatningar om den ikkje-europeiske verda i 1970- og 80-åra. Tvedt har kritisert det han kallar det norske «godhetsregimet» av statlege og frivillige hjelpeorganisasjonar, støtta av politikarar, forskarar og media. Etter Tvedts meining legg desse aktørane for sterk vekt på moralsk sinnelag, og dei stengjer dermed for ein kritisk debatt om hjelpa faktisk gjer nytte. Som følgje av dette synet har han mellom anna gått hardt ut mot dei årlege TV-aksjonane på NRK.

I 2017 utvikla og spissa han desse tankane i boka Det internasjonale gjennombruddet. Der teiknar han eit bilete av ein «humanitær-politisk elite» som har stått i spissen for ei omskaping av Noreg frå ein homogen nasjonalstat til eit fleirkulturelt og fleirreligiøst land som har som mål å vere ei humanitær stormakt. Boka slo ned i innvandringsdebatten, vart ein bestseljar og vekte sterke reaksjonar. Professorkollega Jostein Gripsrud i Bergen skreiv året etter boka Norsk hamskifte? som eit tilsvar til Tvedt.

Tvedt har også vore ein skarp kritikar av den norske deltakinga i krigen i Libya i 2011. Ein av artiklane om dette emnet, i Nytt Norsk Tidsskrift, fekk prisen for beste tidsskriftartikkel publisert i 2015. Alt i 2007 fekk Terje Tvedt Fritt Ord-prisen for sine uredde meiningar om bistandspolitikken.

 

Kjelder

John Berge: «Ti år gammel dokumentar er Netflix-nyhet», om «En reise i vannets fremtid», nrk.no, publisert 5.7.2016: https://www.nrk.no/kultur/ti-ar-gammel-vanndokumentar-het-nyhet-hos-netflix-1.13028871 [lesedato 11.3.2019]

Globalportalen: «Debatten om Terje Tvedts bok 'Det internasjonale gjennombruddet'», global.no, publisert 21.6.2018: http://global.no/nyheter/aktuelt-tema/debatten-om-terje-tvedts-bok-det-internasjonale-gjennombruddet- [lesedato 11.3.2019]

Nettstaden til Terje Tvedt, tvedt.w.uib.no: https://tvedt.w.uib.no/ [lesedato 8.2.2019]

Terje Tvedt, CV, tvedt.w.uib.no: https://tvedt.w.uib.no/curriculum-vitae/ [lesedato 8.2.2019]

VG: «Fritt Ord-prisen til Terje Tvedt», vg.no, publisert 30.4.2007: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/1grBe/fritt-ord-prisen-til-terje-tvedt [lesedato 11.3.2019]

Tone Rønning Vike: «Vannmannen», portrettintervju, bt.no, publisert 11.12.2014: https://www.bt.no/btmagasinet/i/rzxx0/Vannmannen (krev abonnement) [lesedato 8.2.2019]

 

Peikarar

Terje Tvedt: «Den politiske eliten ante ikke hva de gjorde da de gikk inn for å sende F-16-fly til Libya», aftenposten.no

Terje Tvedt: «Derfor truer godhetstyranniet demokratiet selv», aftenposten.no

Terje Tvedt: «Terje Tvedt slår tilbake: – Jostein Gripsrud forstår rett og slett ikke boken han kritiserer», vg.no

Bibliografi i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Først publisert: 16.08.2019
Sist oppdatert: 19.08.2019