Hopp til innhold
Tommy Tee. Foto: Tore Sætre, Flickr.com CC BY-SA 4.0.
Tommy Tee. Foto: Tore Sætre, Flickr.com CC BY-SA 4.0.
X
Innhald

Tommy Tee

Tommy Tee, norsk rap-artist, DJ, musikkprodusent, redaktør og programleiar. Sidan 1980-åra har han vore ein sentral aktør i det norske hiphop-miljøet. I 2016 fekk han heidersprisen under utdelinga av spelemannsprisane.

Tommy Tee, eigentleg Tommy Flåten, er fødd 18. desember 1971 på Storo i Oslo. Han bur i Oslo. Allereie frå slutten av 1980-åra byrja han å utfordre den etablerte populærmusikken, ved å fremje den ferske musikksjangeren hiphop.

Han byrja å gi ut Fat Cap, som var det første hiphop-magasinet i Noreg, i 1989. Dette magasinet, som skriv om hiphop og graffiti, har etter kvart nådd eit stort internasjonalt publikum. Sidan 1993 har Tommy saman med DJ Herkules formidla norsk og internasjonal hiphop gjennom radioprogrammet National Rap Show (NRS) på NRK P3.

Debuten som albumartist kom med Bonds, Beats & Beliefs (1998). Her har Tommy Tee med seg ei rekkje rap-artistar på vokal, til dømes norske Diaz og Opaque og amerikanske Talib Kweli. Albumet selde i over 20 000 eksemplar. Saman med den svenske rapartisten Ken King gav han ut albumet 2 legender uten penger (2004). Albumet Studio Time (2009) var det andre soloalbumet hans. I 2013 gav han ut det første norskspråklege albumet, Musikk ække viktig.

Tommy Tee har gjennom plateselskapet Tee Productions vore ei god støtte for norske hiphop-artistar. Selskapet har gitt ut album med artistar som Gatas Parlament, Warlocks og Son of Light. Som produsent og musikar har han samarbeidd med ei rekkje norske og internasjonale artistar innanfor hiphop og andre musikksjangrar, mellom andre Tungtvann, Paperboys, Karpe Diem, Lars Vaular, Timbuktu og Bertine Zetlitz.

Sidan 1980-åra har Tommy Tee med sitt livslange engasjement for hiphop-sjangeren vore sentral i utviklinga av norsk populærmusikk. For innsatsen sin som artist, produsent, redaktør og programleiar, fekk han musikarorganisasjonen TONO sin formidlarpris i 2014. I 2016 fekk han heidersprisen under utdelinga av spelemannsprisane.

Kjelder

Tommy Tee, biografi, rockipedia.no: http://www.rockipedia.no/mediateket/norsk-pop-og-rockleksikon-2005/tommy_tee/ [lesedato 15.2.2016]

Tommy Tee, diskografi, rockipedia.no: http://www.rockipedia.no/artister/tommy_tee-7419/# [lesedato 15.2.2016]

Tommy Tee, diskografi, discogs.com: http://www.discogs.com/artist/52172-Tommy-Tee [lesedato 15.2.2016]

Peikarar

Nettstaden til Tee Productions

Miriam Bakkejord: «Tommy Tee fikk hedersprisen», dagbladet.no

Først publisert: 05.01.2017
Sist oppdatert: 06.02.2017