Faktaboks

Torvald Tu
Fødd
22. juli 1893, Klepp, Rogaland
Død
15. januar 1955, Klepp
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Gardsarbeidar Torgjer Ådneson Tu (1847–1915) og Ane Mallina Borsheim (1848–1902).

Sambuar frå 1937 med komponist og pianist Trygve Johannes Stangeland (17.5.1898–6.12.1969), son til kolonial- og musikkhandlar Martin Adolf Johan Stangeland (1858–1937) og Oleane Lovise Pedersen (1861–1936).

Torvald Tu var ein norsk forfattar. Han var ein allsidig og flittig forfattar som skreiv skodespel, romanar, forteljingar, stubbar, eventyr og dikt, ofte på eit sterkt jærfarga nynorsk og med ein folkeleg humor.

Torvald Tu var fødd i KleppJæren. Han var ein av dei få nynorskforfattarane som levde av å skrive, men sleit hardt i periodar. Verklista hans utgjer rundt 70 titlar. Av desse er halvparten skodespel, hovudsakleg folkekomediar, som blei oppførte på store og små teaterscener over heile landet, ikkje minst i ungdomslag og mållag. Kjærleik på Lykteland blei ein publikumssuksess på Det Norske Teatret i 1923.

Tu henta motiv og stoff frå bygde- og bondemiljøet på Jæren. Han hadde eit skarpt blikk for typar i lokalmiljøet og skildra folk med innsikt og varme. Under den lune humoren låg alvoret. Stubbesamlingane er ofte skrivne på jærdialekt, og dei beste er Fint fylgje (1926) og Hugnad-stunder (1930). Tu gav ut fleire kritikarroste samlingar med nyskrivne eventyr, og vekte såleis oppsikt med ein sjanger som er lite utbreidd og lite påakta i norsk litteratur. Av diktsamlingane kan nemnast Jærdikt (1943) og Gjennom grindane (1953).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jan Olav Gatland: Torvald Tu – eit diktarliv. Oslo 2008

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg