Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Trude Teige

Trude Johanne Teige, journalist, forfattar, omsetjar og programleiar for «Tabloid» og «Trude» på TV2.

Trude Teige er fødd 27. juni 1960 i Herøy kommune på Sunnmøre og er busett i Asker. Ho er utdanna fagomsetjar i engelsk frå Agder distriktshøgskole 1981–84, samstundes som ho tok journalistutdanning i England i 1983. Ho har fleire års journalisterfaring frå nærradioar i Kristiansand og Bergen og har vore redaktør av Radio Motor. Teige arbeidde som salskoordinator i Bennex i Bergen i 1984–85 og var journalist i Radio BT (Bergens Tidende) og NRK Møre og Romsdal 1986–91.
Teige har vore tilsett i TV2 sidan starten i 1992 og har arbeidd som politisk journalist, vaktsjef, nyhendeanker og har laga dokumentarprogram. Ho var programleiar for debattprogrammet «Tabloid» i 2008–09 og hadde sitt eige program, talkshowet «Trude», i 2010–11.
Ho debuterte som forfattar i 2002 med den historiske romanen Havet syng, og oppfølgjaren Lene seg mot vinden kom ut i 2004. Handlinga er lagd til Herøy på 1800-talet, der hovudpersonen Kristiane, som er dotter til den avdøde losen, utfordrar mannssamfunnet. I 2003 kom kokeboka Matminne frå mors kjøkken, med oppskrifter frå heimtraktene hennar.
Kriminalromanen Noen vet kom i 2009. Hovudpersonen er den maktkritiske og gravande tv-journalisten Kajsa Coren, og emna er politikk og tidlegare barneheimsbarn. I En hjelpende hånd (2010) lagar Coren ein dokumentar om eldreomsorg på ein sjukeheim. Ein massemordar er på ferde, men drapsmetoden vekker ikkje mistanke eller set spor. I 2012 kom Svik, den tredje kriminalromanen hennar. Kajsa Coren løyser denne gongen eit mysterium frå fortida. Kriminalromanane er skrivne på bokmål.
I 2008 fekk Teige Kringkastingsprisen. Havet syng er omsett til nederlandsk.
Kjelder
E-post frå Trude Teige 11.10.2011
Trude Teige, forfattarside, Aschehoug.no, http://www.aschehoug.no/forfattere/alfabetisk/vis?contentItemId=16712464 [lesedato 10.10.2011]
Trude Teige, forfattarside, Samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/T/Trude-Teige.aspx [lesedato 10.10.2011]
Peikarar
Om En hjelpende hånd, dagbladet.no 18.10.2010

Først publisert: 19.01.2012
Sist oppdatert: 26.03.2014