Terje Hellesen

Terje Hellesen fødd 1973 i Florø. Forfattar. Cand. phil. frå Universitetet i Bergen 2004.
Hellesen har gjeve ut diktsamlinga ”Noko av deg lever andre stader” (2005), romanane ”Akselerare” (2006) og ”Soma” og barneboka ”Kvalen Blå dansar salsa”(2008), alle på Samlaget.
I tillegg har han medverka i desse antologiane frå Skald Forlag: ”Godnattboka” (2007), ”Eventyrboka” og ”Trøysteboka”.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 14.01.2016