Hopp til innhold
X
Innhald

Theodor Landmark

Johan Theodor Landmark (1836-1916) frå Tysse, busett i Oslo. Landbrukslærar og stiftar av Norges Bondelag.
Landbruksskuleeksamen frå Åk i Romsdal i 1854, eksamen frå landbruksakademi i Würtemberg 1857. Arbeidde ei tid som gardsstyrar på Austlandet før han 1862-1868 var styrar for Haslem landbruksskole i Smålenene. Han pakta deretter ein gard i Vestby i ti år.

Frå 1877 til 1907 var han dosent og overlærar ved Norges landbrukshøiskole på Ås. Han ivra sterkt for å betre bøndene sine økonomiske kår og driftmetodar, og stod ma. i spissen for skipinga av Christiania Meieribolag i 1872.

I 2002 vart bautaen til minne om Landmark flytta til Lillingstonheimen. Foto: Jostein Nyfløtt, NRK.

I 2002 vart bautaen til minne om Landmark flytta til Lillingstonheimen. Foto: Jostein Nyfløtt, NRK.

I 1884 skipa han Norges Biavlsforening (Norges Birøkterlag), og i 1896 Norsk Landmannsforbund (Norges Bondelag). I 1898 stod han i spissen for skipinga av Landbruksfunktionærernes Forening. Frå 1863 til 1871 gav han ut «Tidsskrift for det praktiske Landbrug og dets Binæringer».

I mange år sat han i styret for landbruksselskapet i Akershus, Det norske myrselskap og Norges Vel. Skipa i 1911 «Docent Landmarks landbrukslegat til fordel for forsknings- og opplysningsarbeid i landbruket».

Johan Th. Landmark vart i 1937 minna med ein bauta ved garden på Tysse. I 2002 vart bautaen flytt til Lillingstonheimen (sjå biletet). Son til Nils L. Landmark og ein av 15 sysken (sjå omtale av desse under faren).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.10.2010