Hopp til innhold
X
Innhald

Thor Hjelle

Thor Hjelle - foto av måleri som heng på Hjelle Hotell.

Thor Hjelle - foto av måleri som heng på Hjelle Hotell.

Thor Hjelle (1863-1940) frå Oppstryn.

Grunnla i 1894 Hjelle Hotell i Oppstryn. Turistvegen over Strynefjellet, som opna 1894, var livsgrunnlaget for hotellet. Vegen langs Strynevatnet var ikkje ferdig før i 1923. Til då trafikkerte dampbåtar ruta Mindresunde-Hjelle.

Thor Hjelle kjøpte eigen motorbåt «Touristen». Han var i 1910 med på å skipe det første «turist-billaget», saman med hotelleigar Karl Mjelva i Geiranger. Dei bygde sjølve tre bilar til selskapet på verkstaden til Mjelva i Geiranger, på chassis henta frå Tyskland. Seinare slutta ein vognmann på Otta seg til bilselskapet, som køyrde turistar Hjelle–Grotli–Geiranger–Otta.

Thor Hjelle bygde også det første meieriet i Oppstryn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011