Hopp til innhold
X
Innhald

Thor Wormsen

Han stod sentralt i arbeidet for å få fotballen i fylket med i seriesystemet i 1962.

Thor Wormsen (1910-1981) frå Notodden, busett i Høyanger. Kontorfunksjonær ved NACO og fotballeiar. Han kom med i styret i Sogn og Fjordane Fotballkrets i 1939 og sat som formann 1952-1969.

Han stod sentralt i arbeidet for å få fotballen i fylket med i seriesystemet i 1962.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2010