Hopp til innhold
X
Innhald

Tor Yttri

Tor Yttri. Foto: Arne Eithun, NRK.

Tor Yttri. Foto: Arne Eithun, NRK.

Tor Yttri fødd 1965 i Sogndal. Journalist, fotograf og forfattar. Tilsett i Sogn Avis. Gav i 2006 ut fotoboka ”Til fjells i Sogn og Jotunheimen” (Skald forlag). Han har vore sentral i Fjellsportfestivalen Bratt Moro og arbeidet med å utvikle Sogndal som stad for toppturentusiastar.

Tildelt kulturprisen til Sogndal kommune i 2013.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2013