Hopp til innhold
X
Innhald

Torbjørn Lie

Foto: Bernt Baltzersen, NRK.

Foto: Bernt Baltzersen, NRK.

Torbjørn Lie (1943-2006). Fødd i Lardal i Vestfold, busett i Førde og Sogndal. Helikopterpilot, adm. direktør og politikar for Framstegspartiet.

Lie grunnla helikopterselskapet Airlift AS i 1987, og på kort tid bygde han selskapet opp til eitt av dei største i sitt slag i landet. Var adm. dir. i selskapet dei første åra. Selde seg ut av selskapet, men kom seinare innatt på eigarsida gjennom holdingselskapet Heliflight.

Har elles vore engasjert i bilforretning i Førde, og medeigar i Åsnes Skifabrikk og i ymse forretningsdrift i Sogn.

Medlem av kommunestyre og formannskap i Sogndal sidan 2003, og vald til vararepresentant til Stortinget for Framstegspartiet 2005–2009.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011