Hopp til innhold
X
Innhald

Torgeir Halvardsson Næss

Torgeir Halvardson Næss (1772-1854) frå Nes i Luster. Bonde og politikar.

Haugianarane i Luster

Næss var eit framståande medlem i lekmannsrørsla i Luster kring forkynnaren Hans Nielsen Hauge. Utanom Svanøy og Naustdal, som var kjerneområdet for Hauge-rørsla på Vestlandet, samla Hans Nielsen Hauge ein av dei største veneflokkane sine i bygdene kring Lustrafjorden.

Kjøpte og selde gardar

Næss dreiv oppkjøp av gardar i Romsdalen som han selde vidare til lustringar og andre.

Politikar

Næss var medlem i det første kommunestyret i Luster frå 1838, og vart valt som representant til Omframt-Stortinget som møtte hausten 1814. Han møtte også på Stortinget 1815-1816 og i 1833.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.03.2008