Hopp til innhold
X
Innhald

Trond Strømgren

Trond Strømgren med boka Fantastiske Florø. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Trond Strømgren med boka Fantastiske Florø. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Trond Strømgren fødd 1961, frå Heimdal ved Trondheim, busett sidan 1990 på Batalden. Sivilingeniør, lærar og forfattar. Har m.a. arbeidd som lærar ved v.g. skule i Flora og ved skulen i Batalden og ved Kystmuséet.

Strømgren har skrive fem bøker som skildrar kystkulturen i Batalden gjennom daglegliv, fiske, forlis, utvandring og krigsår. I tillegg har han skrive boka "MS Atløy - historia om ein fjordabåt" saman med Magnus Helge Torvanger. I 2010 gav Strømgren ut ei jubileumsbok til 150-årsjubileet til Florø – ”Fantastiske Florø”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016