Hopp til innhold
X
Innhald

Trude Christenson Nitter

Trude Christenson Nitter (1698-1778) frå Solvorn, busett på Tysse. Offiser og gardbrukar.

Kjøpte i 1742 garden Tysse (sjå: Nitter-slekta tek over på Tysse), og er stamfar til den kjende Nitter-slekta si grein i Fjaler. Opphavet til slekta er noko uvisst, men den kom til Noreg antan frå Skotland eller Flandern ein gong på 1500-1600-talet.

På 1600-talet slo Nitter-folk seg ned i Sogn - særleg i Hafslo-området. Trude Nitter var sersjant i Sognske Compagnie i 1720, og i 1722 finn vi han som sersjant i Søndfiordske Compagnie, som fekk eksersisplass på Dingemoen i Fjaler. Gjestgiveri på Tysseberget fekk Trude Nitter løyve til å drive i 1758. Etterkomarane vart store jordeigarar i Sunnfjord, m.a. eigarar av Dale gard og gjestgjevarar på Tross (sjå: Skysstasjonen og handelsstaden Tross).

Far til Hendrich Nitter

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2008