Hopp til innhold
X
Innhald

Truls Rasmussen Vassenden

Truls Rasmussen Vassenden (1847-1934) frå Vassenden i Loen. Mekanikar og kraftpionér. Han var son av ein plassmann på Vassenden, men etter eit opphald i Bergen reiste han til Newcastle i England i 1869, der han vart medarbeidar til elektrisitetspionéren Joseph Swan (1828-1914) som samarbeidde med Thomas Alva Edison (1847-1931) i Edison Swan Company. Seinare arbeidde Truls som demonstratør for armaturfabrikken til Frederick Holmes.

Han vende heim i 1893 og bygde same året det aller første vasskraftverket i Sogn og Fjordane under Lofossen. Straumen nytta han til å lyse opp den vesle snikkarverkstaden sin med 10-12 lyspærer.

To år seinare kom den andre kraftstasjonen i fylket i drift ved Dyrneslielva i Høyanger (sjå Peder Larsens shoddyfabrikk. Det var dansken J. Jørgensen som bygde dette kraftverket, som forsynte shoddyabrikken med elektrisk lys.

Truls Vassenden arbeidde elles med montering av talestasjonar for det nyskipa Nordfjord Telefonselskap på 1890-talet. I 1896 reiste han tilbake til Newcastle, og arbeidde også som elektrisitetsmontør i gull- og diamantgruver i Sør-Afrika. I 1912 venda han heim att til Loen og bygde ein verkstad i Holten. Verkstaden vart øydelagd av flodbylgja i Lodalsulukka i 1936.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.03.2011