Hopp til innhold
X
Innhald

Trygve Sæbø

Trygve Sæbø (1896-1974) frå Høyanger. Fabrikkarbeidar. Motstandsmann under 2. verdskrig.

Trygve Sæbø (1896-1974) frå Høyanger. Fabrikkarbeidar. Motstandsmann under 2. verdskrig.

Arrestert av Gestapo februar 1945 etter angiveri ved verket, overført til Bergen 10. februar. Måtte som kameraten Harald Dale etter svært grov tortur røpe samband mot Milorg-grupper som var under oppbyggjing i Indre Sogn. Dette førde til rask opprulling av organisasjonen over heile fylket, og 72 personar vart arresterte.

Arrestert og overført Bergen 10.02.1945, overført Espeland 19.02.1945 og sat der til freden.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.12.2009