Hopp til innhold
X
Innhald

Trygve Thomassen

Trygve Thomassen (ca.1903 -1940) fødd i Bergen og busett i Naustdal. Omkom saman med ektemaken Solveig Konstance f. ca. 1904 i Bergen og to born då rutebåten ”Jadarland” gjekk på ei mine og sokk på det opne havstykket Sletta sør for Haugesund den 31. mai 1940. Familien var på veg til Naustdal då ulukka hende. Sju av mannskapet og 12 passasjerar omkom i ulukka.

Skipet var bygt i 1928 og tilhøyrde Sandnes Skips Aktieselskap og gjekk i rute Sandnes-Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.12.2009