Hopp til innhold
X
Innhald

Åshild Ulstrup

Åshild Ulstrup, journalist, forfattar og foredragshaldar. I over 30 år laga ho personintervju i NRK.

Åshild Ulstrup er fødd 29. april 1934 i Kvinnherad. Ho gjekk Voss folkehøgskule 1951, tok examen artium ved Hordaland fylkeskommunale gymnas i Bergen i 1953 og eksamen ved Journalistakademiet i 1955. Ho studerte også folkeminne.
Frå 1956 til 1964 arbeidde ho som frilansar i ymse aviser og i Alle Kvinner. Ho var skript i NRK Fjernsynet 1964–66, frilansar i NRK Radio 1969–80, spaltist i Dagbladet 1980–81 og redaksjonssekretær i NRK Radio 1981–2004. Ho er særleg kjend for personintervju i NRK gjennom meir enn 30 år, mellom anna i radioprogramma «Sånn er livet», «På livet laus» og «Middagsstunden». Målforma hennar var nynorsk.  
(Artikkelen held fram under fotoet)
Foto: Tove K. Breistein/ Samlaget
Foto: Tove K. Breistein/ Samlaget
Åshild Ulstrup har gitt ut eller vore medforfattar til eit tital dokumentar- og intervjubøker, dels på bokmål, dels på nynorsk. Tre av bøkene har ho gitt ut etter at ho fylte 70 år.
Fleire av bøkene tek opp aldring, alderdom og tilbakeblikk på levd liv: Rop fra en taus generasjon (1974, saman med Wenche Dager Eriksen), Det grenseløse livet (1986, saman med Tove Reite), 100 pluss – våre eldste forteller (2006) og Kjærlighet uten alder (2009). I 2012 kom boka Eg ser i sol. Døden – tankar og undring.
Kjærleik, samliv og seksualitet er emne i andre bøker: Kjærlighetens lykke og ulykke (1977, saman med Wenche Margrethe Myhre), Menn og elskere (1978), Ta sjansen på livet (1981), Hore og madonna på kjærleikens øy (1987).
Huldra – den farlege lengten, som ho gav ut saman med Wenche Øien i 1993, er ei praktbok om førestellingar og forteljingar om huldra.
Både før og etter ho vart pensjonist, har Åshild Ulstrup vore ein svært aktiv og omtykt foredragshaldar.
Kjelder
Marte Stubberød Eielsen: «Drømmefangeren», Klassekampen 15.10.2010
Svein Gjerdåker:  «– Kva vil du med livet ditt, Åshild Ulstrup?» Dag og Tid 5.3.2010
Olav Gorseth: «Ikkje så reint lite fjordhoppe ...», Bergens Tidende 21.8.2011
Eva Granheim: «En vanlig diva fra Valen», Bergens Tidende 27.12.2003
Per Jon Odéen: «Radio for ein generasjon», Bergens Tidende 25.4.2004
Britt Rogstad: «Fantastisk å være gammel», Vårt Land 14.12.2012
Kjartan Rødland (red.): Dei siste bondestudentane. Hordaland fylkeskommunale gymnas 1950–65 – slik elevar og lærar såg det. Bergen 2007 
Lina Schøyen: «Hva livet har lært meg – Åshild Ulstrup», Verdens Gang 6.4.2013
Synne Skouen: «En radio-diva», Aftenposten 27.4.2004
Margunn Sundfjord: «Alderdom med livsgneist», Dagen 31.5.2012
Bente Thoresen: «Levd liv er mest spennende», Klassekampen 22.4.2004
Åshild Ulstrups bøker
Tormod Valaker: Godtfolk – portretter av 28 vestlendinger. Bergen 2005
Nils E. Øy: Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk. Oslo 1998
Peikarar

Først publisert: 10.10.2014
Sist oppdatert: 10.10.2014