Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarne Undheim

Bjarne Undheim, lektor, rektor, idrettsmann og senterpartipolitikar. Han var ein bulldosar av eit menneske, som la grunnlaget for Bryne stadion og sette spor etter seg både som skulemenneske, organisasjonsmann og politikar.

Bjarne Undheim var fødd i Time 12. januar 1905 og voks opp i Egersund, etter at familien hadde budd nokre år i Stokke i Vestfold. Han døydde i Time 28. mai 1988.
Undheim tok examen artium ved Voss landsgymnas i 1925 og vart cand.real. med fysikk hovudfag frå Universitetet i Oslo i 1930. I 1930–47 var han lektor ved Rogaland landsgymnas og i 1947–72 rektor ved Rogaland off. landsgymnas og Bryne statsrealskule.
Undheim var medlem av Time formannskap 1945–47 og 1959–69 og var ordførar i Time 1955–59. Han var stortingsrepresentant for Senterpartiet 1961–69, var også medlem av Europarådet og var ein sesjon ved FN i New York. På Stortinget markerte han seg særleg i skulesaker.
Undheim var leiar i Utvalet for idrettsanlegg i Rogaland i 1953–64, leiar i Rogaland Ungdomslag Idrettslag 1936–39, leiar i Bryne Idrettslag 1939–48 og leiar i Rogaland Mållag 1953–55. I 1945–60 var han medlem av representantskapet i Norsk Lektorlag og i 1959–60 medlem av Samlegymnaskomiteen, som hadde i oppgåve å konsentrere gymnasutbygginga.
I ungdomen var han ein habil idrettsutøvar, både på krinsnivå og nasjonalt nivå. Dei beste resultata nådde han i kast og mangekamp. Heile livet var han oppteken av fysisk fostring. Han starta tidleg idrettslag på gymnaset, la seinare ned mykje arbeid i Bryne Idrettslag og la grunnlaget for Bryne stadion, dels gjennom eige arbeid med spade og spett etter skuletid, dels ved å skipe til obligatoriske dugnadsdagar for gymnaselevane i skuletida.
Gjennom Rogaland Mållag fremja han i 1945 krav om at lærebøker ikkje måtte godkjennast utan at dei låg føre både på bokmål og nynorsk. Han omsette sjølv ei lærebok i fysikk til nynorsk.
Undheim vart utnemnd som æresmedlem i Bryne Idrettslag i 1949, fekk Norges Idrettsforbunds heidersteikn i 1965, vart tildelt Bryne Vels kulturpris i 1973 og vart heidra med Kongens fortenestemedalje i gull i 1974.
Kjelder
Helga Sverdrup Ekrheim, Olav Ekrheim, Håkon Norås (red.): Norges filologer og realister. Stavanger 1950
Magnus Jonsbråten ofl. (red.): Bryne gymnas 50 år. 1924–1974. Bryne 1975
Minneord i Jærbladet og Stavanger Aftenblad 30. mai 1988
Ola Nordsletten ofl. (red.): Rogaland landsgymnas 1924–1949. Bryne 1949
Andreas Skartveit: «Vi kom til våre eigne», i Gudleiv Forr og Helge Vold (red.): Landsgymnaset. Oslo 2007
Stortingstidende 1961–69
Njål Tjeltveit: Så lang ein strid. Rogaland Mållag gjennom 75 år. Forsand 1995
Torleiv Aarrestad ofl. (red.): Time herad. Fram til 1987. Stavanger 1987
Biografi om Bjarne Undheim, Stortinget, stortinget.no, http://www.stortinget.no/nn/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=BJUN [lesedato 04.05.2010]

Først publisert: 05.05.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013