Hopp til innhold
X
Innhald

Dag Inge Ulstein

Dag Inge Ulstein, familieterapeut, politikar for Kristeleg Folkeparti, byråd i Bergen og utviklingsminister i den utvida Solberg-regjeringa frå 2019.

Dag Inge Ulstein er fødd 4. desember 1980 og voks opp i Sula kommune i Møre og Romsdal. Han tok vidaregåande skule i 1996–99, bachelorgrad i teologi ved Norsk Lærerakademi / Fjellhaug Internasjonale Høgskole i 2001–04 og bachelorgrad i arbeids- og organisasjonspsykologi ved Universitetet i Bergen i 2009–11.

Ulstein arbeidde som ungdomsleiar i Salem misjonsforsamling i 2003–07, var dagleg leiar og prosjektleiar for Turneren Næring A/S (Salem konferansesenter) i 2007–09 og var mellom anna leiar og utvikslingssjef ved Haraldsplass Samtalesenter og Diakonale Stiftelse i fleire periodar mellom 2009 og 2014. Han var politisk rådgivar for byråd Filip Rygg i Bergen i 2011–12, og han var sjølv byråd i Bergen kommune for sosial, bustad og områdesatsing i 2013–14 og byråd for finans, innovasjon og eigedom i 2015–18. Ulstein blei utviklingsminister i 2019, då KrF gjekk med i den borgarlege regjeringa til Erna Solberg.

Han begynte den politiske karrieren sin som medlem av kommunestyret for Kristeleg Folkeparti i Bergen 2009–19, var styremedlem i Bergenshus KrF i 2010–11 og blei leiar for KrFs velferdspolitiske utval i 2014. Då partiet hausten 2018 skulle bestemme seg for politisk vegval, var Ulstein på den «raude» sida, saman med partileiar Knut Arild Hareide. Han meinte mellom anna at KrF kunne få til meir saman med sentrumspartia og venstresida når det galdt klimautfordringane, og han har vore klar på at KrF ikkje burde gå i regjering med FrP. Det kom derfor som ei overrasking då han blei utnemnd til utviklingsminister.

Ulstein var medlem av representantskapet for Stiftelsen Bergen Diakonissehjem og styremedlem i Salem misjonsforsamling i Bergen i 2013 og styremedlem i Stiftelsen Bergen Guttehjem frå 2014. Han var vokalist i den kristne popgruppa Elevate og i elektronikabandet Electric City.

 

Kjelder

Dag Inge Ulstein, profil, regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/dep/ud/org/utmin_ulstein/id2626346// [lesedato 27.1.2019]

Thomas Paust: «Dag Inge Ulstein: – Nå må vi sørge for at det ikke er hold i de ordene», nettavisen.no, sist oppdatert 22.1.2019: https://www.nettavisen.no/nyheter/dag-inge-ulstein---na-ma-vi-sorge-for-at-det-ikke-er-hold-i-de-ordene/3423583695.html [lesedato 27.1.2019]

Dag Inge Ulstein, eigen yrkesprofil, linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/dulstein/ [lesedato 27.1.2019]

 

Peikarar

Cato Husabø Fossen ofl.: «Disse blir KrFs statsråder: Hareide-vennlig sexolog som ville bli misjonær inn i regjering», nrk.no, publisert 20.1.2019

Svein Rune Kjøllesdal: «VG: Ulstein får statsrådspost», ba.no, publisert 20.1.2019

Først publisert: 29.04.2019
Sist oppdatert: 29.04.2019