Hopp til innhold

Erik Ulfsby

Erik Ole Christian Ulfsby, skodespelar og instruktør, har sidan 2011 vore teatersjef ved Det Norske Teatret.

Erik Ulfsby er fødd 2. oktober 1970, er vaksen opp på Kolsås i Bærum og har gått Romerike Folkehøgskule og Statens Teaterhøgskule. Han har vore skodespelar ved Trøndelag Teater, Den Nationale Scene og Teatret Vårt i Molde, og han debuterte som instruktør i Molde med Oleanna i 2000. Han vart etter kvart instruktør på heiltid og fekk i 2006 Heddaprisen for Årets teaterprosjekt med framsyninga Bollywood Ibsen – Fruen fra det indiske hav.
Dei siste åra har han stått bak fleire av dei store kommersielle og kunstnarlege suksessane ved Det Norske Teatret, til dømes Jungelboka (2008), Jesus Christ Superstar (2009) og Den hemmelege hagen (2010). Ulfsby har lukkast med å rekruttere og engasjere store grupper av ungdom gjennom framsyningane sine, og slik har han trekt heilt nye publikumsgrupper til teatersalongen.
I desember 2009 vart Erik Ulfsby tilsett som ny sjef for Det Norske Teatret frå 1. januar 2011. Som teatersjef har han auka aktiviteten ved alle dei tre scenene ved teatret, med 26 planlagde premierar i 2012, konsertaktivitet på eiga scene om fredagskveldane og nyoppussa foajéområde.
Ulfsby er engasjert på åremål i fire år og vil dermed vere sjef ved teatret under hundreårsjubileet i 2013. Ulfsby har varsla at han ønskjer eit teater som i større grad enn tidlegare representerer og syner fram det nye multikulturelle Noreg.
Kjelder
Arkivet til Det Norske Teatret
Stig Solheim: «Hanket inn Hank», Asker og Bærums Budstikke 20.2.2010

Først publisert: 13.02.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013