Hopp til innhold
Fridtjov Urdal. Foto: Torkjell Djupedal, Selja forlag. Nytta etter avtale med forlaget.
Fridtjov Urdal. Foto: Torkjell Djupedal, Selja forlag. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Fridtjov Urdal

Fridtjov Urdal, allsidig kulturarbeidar, kunstformidlar og forfattar frå Sunnfjord.

Fridtjov Urdal er fødd 22. mars 1952 i Bergen. Han voks opp i Årebrot ved Florø og er busett på Vassenden i Jølster. Urdal har inga formell utdanning etter folke- og framhaldsskulen, men var ei tid lærling ved Mo Jordbruksskule i Sunnfjord. Sidan 1991 har han vore tilsett ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde (tidlegare Sogn og Fjordane kunstnarsenter) i ulike stillingar. I 1980-åra reiste Urdal med Riksgalleriet / Museet for samtidskunst, også der i ei formidlarrolle.

Urdal er ein mangfaldig og mykje brukt formidlar også utanfor institusjonen han arbeider ved – kåsør, foredragshaldar, skribent – med emne frå eit breitt spekter av norsk kunst- og kulturhistorie. Om skriftstykka sine seier han sjølv at han likar å sjå «korleis det ser ut på den andre sida». Derfor er han ofte uventa i kasta sine, med frisk biletbruk og frodig ordval – gjerne litt motstraums. Fridtjov Urdal er ein kunnskapsrik og levande forteljar, fast røtt i den folkelege forteljekunsten, noko som også viser seg i forfattarskapen.

Urdal har gitt ut to bøker med folkelege historier og vitsar frå Sogn og Fjordane, Båten som gjekk på tvers (1981) og Fluga på veggen (1983), og ei samling med ord og uttrykk frå Sunnfjord, På hogg å' belegg (1997, saman med Jan Petter Korsedal). Fritt etter Fridtjov (2015) og Ord i tide og utide (2016) er aforismesamlingar, ordtakliknande kommentarar til både aktuelle og meir varige samfunnsfenomen.

Saman med Rolf Losnegård skreiv han skodespelet Det var ein gong ein krig, som Sogn og Fjordane teater sette opp i 1982. Urdal har òg prøvd seg som skodespelar, i Jubelhornet av Rolf Losnegård, med tittel etter ei novelle av Jakob Sande, og i fjernsynsserien Fantestrekar i barne-tv (NRK Sogn og Fjordane 2001).

Urdal har vore fast spaltist i Firdaposten, Florø, sidan siste halvdel av 1980-åra, og han har vore ein sentral person i «Førde-revyen» sidan midt i 1990-åra, mest som manusforfattar.

Kjelder

Samtalar med Fridtjov Urdal

Peikarar

Forfattarside om Fridtjov Urdal på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane» 

Først publisert: 13.09.2011
Sist oppdatert: 03.05.2019