Hopp til innhold
X
Innhald

Guri Ulshagen

Guri Ulshagen var lyrikar og lærar, og ho gav ut tre diktsamlingar i 1960-åra.

Guri Ulshagen, som heitte Ulshagen også som jente, var fødd i Ål i Hallingdal 17. februar 1903 og døydde i Kristiansand i 1972. Ho tok eksamen ved Elverum lærerskole i 1925 og året etter ved Industriskolen i Oslo.

Ulshagen arbeidde som lærar i folkeskulen og framhaldsskulen i Ål og i Brekke i Sogn, ved Fylkesskolen i Vestfold og framhaldsskulen i Skoppum. Seinare busette ho seg i Kristiansand.

Ulshagen gav sjølv ut to diktsamlingar på Dreyers Forlag: Vegane (1960) og Stigen over stupet (1966). Lengsel etter Gud og æva er tema i fleire dikt i den første samlinga. I den andre samlinga bruker ho ofte kvardagslege situasjonar til å formidle allmenne sanningar som samtidig gir oss ny innsikt. Ei tredje samling med etterlatne dikt, utvalde av valdresforfattaren Knut Hauge, kom ut i 1973: Malmen i vårt tre. Her er det den aldrande diktaren som reflekterer over erfaringar livet har gitt henne.

Mange av dikta hentar motiv frå heimbygda Ål, og ikkje minst frå fjellet og stølen. I den første samlinga er ein del av dikta på dialekt, men i dei to andre skriv ho ein nynorsk som ligg opp til hallingmålet. Ho har vorte kalla «hallingrøysta i norsk lyrikk».

Guri Ulshagen hadde ofte dikt i Dølaminne, Hallingdølen, Hallingen og Jul i Hallingdal og er representert i samlinga Dikt frå dalen. 128 dikt frå Hallingdal (2008). 

Kjelder

Gunnar Bæra: Guri Ulshagen. En bibliografi. Hamar 1974
Einfrid Grønvik: «Guri Ulshagen til minne», Hallingdølen 18.7.1972
Eldgrim Springgard og Aud Søyland (red.): Dikt frå dalen. 128 dikt frå Hallingdal. Oslo 2008 Thor Warberg: Aal bygdesoge. Slektssoga VII, s. 14 og 44. Ål 2008 

Peikar

Nils Brantzeg: «Ny lyrikk 1960», Vinduet nr. 4/1960, s. 284–285, nb.no https://www.nb.no/items/ac2b6dfa51981795fbb47200f5e58be8?page=289&searchText=vinduet
Nils Hellesnes: «Nynorsk litteratur 1960», Bok og bibliotek nr. 1/1961, s. 28, nb.no https://www.nb.no/items/fcb960eb5b4af954ea45aa84299ef7e6?page=33&searchText=bok%20og%20bibliotek%201961

 

Først publisert: 27.03.2019
Sist oppdatert: 27.03.2019