Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Jacob Ustvedt

Hans Jacob Ustvedt, lege og kringkastingssjef. I hans tid som leiar var NRK inne i ein sterk ekspansjon, med utbygginga av fjernsynsmediet og med mykje offentleg debatt om programprofilen.

Hans Jacob Ustvedt var fødd i Kristiania (Oslo) 4. juli 1903 og døydde i Oslo 26. januar 1982. Han tok medisinsk embetseksamen i 1927 og doktorgraden i 1938, med ei avhandling om dei musikalske funksjonane hos pasientar med hjerneskadar. Avhandlingstemaet syner den djupe interessa hans for musikk og kultur. Han var sjølv pianist og songsolist.

Ustvedt var overlege ved Ullevål sjukehus frå 1946 til 1959, professor i indremedisin ved Universitetet i Oslo frå 1951 til 1962 og overlege ved Rikshospitalet i åra 1959–62. Han var kringkastingssjef frå 1962 til 1972.

Han publiserte ei rekkje vitskaplege arbeid innanfor indremedisin og immunologi, med særleg relevans for tuberkulosearbeidet. Under andre verdskrigen tok han del i motstandsarbeidet og måtte flykte til Sverige i 1942. Der blei han leiar for medisinaldirektøren sitt kontor i Stockholm.

Ustvedt var leiar for NRK under utbygginga av fjernsynet i 1960-åra. Programpolitikken blei gjenstand for stor merksemd i allmenta. Einskilde programpostar blei sterkt kritiserte, og desse kontroversane prega kulturdebatten. Ustvedt forsvarte programpolitikken med at fjernsynet som massemedium både skulle frigjere og utfordre.

Ustvedt var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1949.

Kjelder

Hans Fredrik Dahl: «Hans Jacob Ustvedt», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 2005

Hans Fredrik Dahl og Henrik Grue Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol. 1945–1981. Oslo 1999

Hvem er Hvem? Oslo 1973

Hans Jacob Ustvedt: Kringkastingens oppgaver og plass i samfunnet. Oslo 1969

Først publisert: 30.09.2016
Sist oppdatert: 30.09.2016