Hopp til innhold
Jan Ove Ulstein
Jan Ove Ulstein
Foto: Høgskulen i Volda. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Jan Ove Ulstein

Jan Ove Ulstein, teolog, tidlegare dosent i systematisk teologi ved Høgskulen i Volda og forfattar av meir enn 20 bøker. Han er oppteken av forholdet mellom kyrkje og samfunn.

Jan Ove Ulstein er fødd 26. februar 1944 i Ulsteinvik og er busett i Volda. Han er utdanna cand.theol. ved Menighetsfakultetet i Oslo (1971) og tok praktisk-teologisk seminar der (1972). Han har arbeidd som forskingsassistent ved Menighetsfakultetet (1973–75) og amanuensis (1975–76), førsteamanuensis (1976–2009) og dosent (2009–13) ved Høgskulen i Volda. Ulstein var rektor ved Distriktshøgskulen i Volda i perioden 1977–79.

Ulstein har skrive mange barnebøker, romanar, diktsamlingar og salmar. Han debuterte med dikt, viser og salmar i Slag på berget i 1975, og i 2014 kom den 12. diktsamlinga (det er her det flør). Dette er utvalde tekstar frå dei første fem diktsamlingane i 1975-85. Den første romanen, Satyr i katedralen, blei gitt ut i 1997, og her stiller Ulstein religiøse og filosofiske spørsmål.

Både som forfattar og teolog arbeider han med forholdet mellom kyrkje og samfunn. Ulstein driv Ura forlag (skipa i 2008), som gir ut mange av bøkene hans. Han har omsett fem av salmane i Salmer (1997) til nynorsk, og skrive éin salme og omsett tre til nynorsk i Norsk salmebok (2013). Ulstein var ein av stilistane for nynorsk for den nye utgåva av Bibelen som kom i 2011.

Ulstein har gitt ut fagbøker, skrive mange artiklar og vore redaktør for antologiar. Han var redaktør saman med Jan Inge Sørbø for Diktet lyser i kvelden. Dikt i utval (2009), som er teologen og forfattaren Oskar Stein Bjørlykkes tekstar. Saman med Alf Kjetil Walgermo var Ulstein redaktør for boka Bibeldikt (2011), der 88 norske forfattarar har skrive dikt i møte med bibeltekstar. Han har vore redaktør for Tidsskrift for kirke, religion og samfunn (1988–2003) og serieredaktør for skriftserien Kyrkjefag Profil hos Cappelen Damm Akademisk.

Ulstein har skrive og fått oppført fleire musikkspel i samarbeid med komponistar, mellom anna syngjespelet Høyr kor kyrkjeklokka lokkar (2014), komponert av Marie Austrheim Riise.

Kjelder

E‑post frå Jan Ove Ulstein 13.10.2020

Presentasjon av Jan Ove Ulstein hos Høgskulen i Volda, hivolda.nohttp://www2.hivolda.no/asf/kkf/jouheims.html [lesedato 22.6.2011]

Ura forlag, http://www.uraforlag.no/uraforlag.no/Ura_forlag.html [lesedato 22.6.2011]

Peikarar

Leiv Arne Grimstad: «Jan Ove Ulstein med diktsamling om dommedag og tvisyn», omtale av diktsamlinga I eitt no, vikebladet.no, publisert 9.2.2011

Først publisert: 26.10.2011
Sist oppdatert: 20.11.2020