Hopp til innhold

Johan Einar Unger

Johan Einar Unger, prest og bibelomsetjar. Han var kanskje den første ordinerte presten som preika på landsmål.

Unger var fødd i Kristiania 4. september 1831, voks opp i Kvinnherad og døydde 19. mai 1911.
Han tok examen artium i 1851 og vart cand.theol. ved universitetet i Kristiania i 1858. 1858–64 var han privatlærar i Bergen og var med i vestmannamiljøet, den vaknande målrørsla i byen. I 1864 vart han kapellan i Kvam i Hardanger, og 1871–77 var han residerande kapellan i Alversund. Den lengste prestetenesta hadde han i Kvinnherad, der han var sokneprest 1878–1910.
Då Henrik Krohn byrja gi ut vekebladet Ferdamannen i Bergen i 1865, skreiv Unger i bladet. 11.  november 1865 skreiv han anonymt «Ein fin Haustdag», der han omset salme 148 frå Bibelen. Omsetjinga er den første bibelteksten som er prenta på landsmål. Han skreiv òg føreordet til Georg Griegs landsmålsomsetjing av Markus-evangeliet i 1870. Posthumt i 1911 kom Minne og dikt.
Unger var kanskje den første ordinerte presten som preika på landsmål. Biskop A.Chr. Bang hevda det i eit foredrag i Bondeungdomslaget i Oslo i 1902, fortel landsmålsbiografen Anton Aure. Kvar og når dette skjedde, er uvisst. Det er likevel grunn til å tru at han preika på landsmål i alle fall i Kvinnherad. Kristofer Janson preika på landsmål i Fåberg kyrkje 7. februar 1872. Han var cand.theol., men ikkje ordinert prest i statskyrkja.
Kjelder
Anton Aure: Prestar som talar nynorsk. Risør 1924
Jarle Bondevik: «Hundre år med nynorsk liturgi», Språknytt nr. 2/2007
Jarle Bondevik: Og ordet vart nynorsk. Bergen 2003
Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. Bjørgvin [Bergen] 1865–68
Per Halse: Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859–1908. Det teologiske fakultet. Universitetet i Oslo 2009
Oddmund Løkensgard Hoel: Nasjonalisme i norsk målstrid 1848–1865. KULTs skriftserie nr. 51. Noregs forskingsråd. Oslo 1996
Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen 2002
Peikarar

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013