Faktaboks

Karl Arne Utgård
Fødd
6. mars 1951, Sykkylven, Møre og Romsdal

Karl Arne Utgård er ein norsk jurist og tidlegare høgsterettsdommar.

Han tok juridisk embetseksamen i 1976. Frå 1980 til 1984 var han advokatfullmektig/advokat hos Regjeringsadvokaten, og frå 1984 til 1999 dreiv han eigen advokatpraksis på Hamar. Frå 15. november 1999 til 31. desember 2018 var han dommar i Høgsterett.

Utgård var den første høgsterettsdommar som skreiv dommar og andre avgjerder på nynorsk. Han var også den første som fekk prisen Årets nynorskbrukar, i 2001.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg