Hopp til innhold
Karl Arne Utgård
Karl Arne Utgård
Foto: Domstolsadministrasjonen. Pressefoto.
X
Innhald

Karl Arne Utgård

Karl Arne Utgård, høgsterettsdomar. Han var med og leidde dei aksjonane som i 1970-åra førte til at NRK bygde ut distriktskontor.

Utgård er fødd i Sykkylven 6. mars 1951. Etter juridisk embetsamen frå Universitetet i Oslo i 1976 arbeidde han i åra 1980–84 hos Regjeringsadvokaten. Han dreiv eigen advokatpraksis på Hamar 1984–99 og blei i 1999 som den første nynorskbrukaren utnemnd fast til høgsterettsdomar. Frå 2005 er han styreleiar for Domstoladministrasjonen. I Høgsterett tok han dei initiativa som måtte til for at den fremste domstolen i landet er blitt administrativt tospråkleg.
 
Utgård var ein sentral person i Kringkastingsringen kring 1970 og var ein av arkitektane bak eit framlegg om å etablere distriktskontor i NRK. Han var styreformann i Det Norske Samlaget 1981–85.
 
Saman med Oddvar Natvik gav han ut NRK og distrikta (1971), frå eiga hand kom Juridisk og administrativ ordliste (2002).
 
Utgård var i 2000 den første som fekk prisen Årets nynorskbrukar frå Nynorsk kultursentrum. I 2018 vart han heidersmedlem i Samlaget.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 08.08.2018