Hopp til innhold

Kristian Ulltang

Kristian Andreas Johanson Ulltang, redaktør og utgivar. Han skipa den avisa som i dag er den største nynorskredigerte dagsavisa.
Ulltang var fødd i Førde 6. januar 1891 og døydde 18. november 1979. Etter utdanning ved den kristne Sunnfjord ungdomsskule 1906–07 og 1912–13 gjekk han i bokprentarlære ved Aarflots prenteverk i Volda i 1914. Same året sette han i gang eige trykkjeri i Førde.
 
I 1917 skipa han bygdebladet Firda for Indre Sunnfjord, med støtte frå om lag tjue personar som ville lage ei motvekt mot avisene i Florø. Ulltang redigerte avisa 1918–20 og 1922–24 og leigde så ut utgivarretten til Olai Nordeide.
 
Frå 1928 tok Nordeide-familien over utgiving og redaksjon av Firda, med Olai Nordeide som redaktør 1928–64, og sønene Per (1964–83) og Oddvar (1964–88), før A-Pressen kjøpte familien ut i 1996.
 
Ulltang hadde mange verv i ungdomsskulen og ungdomsskulelag. Han gav ut tre småskrifter 1911–13, var redaktør og forretningsførar for Ungdomsvenen frå 1917 og redigerte Jul i Sunnfjord 1946–51. Frå 1941 var Kristian Ulltang bibliotekar ved folkeboksamlinga i Førde.
 
Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1968.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.09.2009
Sist oppdatert: 20.08.2010