Hopp til innhold
Kristofer Uppdal
Kristofer Uppdal
Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale med Ivar Aasen-tunet.
X
Innhald

Kristofer Uppdal

Kristofer Oliver Uppdal er ein av dei mest særmerkte forfattarene i norsk litteraturhistorie. Romanserien Dansen gjennom skuggeheimen i ti band er framleis det mest omfattande romanverket i Noreg. Som lyrikar utvida han perspektiv, innhald og form i norsk dikting.

Uppdal blei fødd 19. februar 1878 i Beitstad i Nord-Trøndelag og døydde 26. desember 1961 på Oppdal. Han hadde lite formell utdanning, men gjekk to vintrar på Namdal folkehøgskole og ein vinter på Askov højskole i Danmark. Han tok òg privattimar i tysk og las filosofi og religionshistorie på eiga hand.
 
Yrkeskarrieren var mangfelt. Han arbeidde som tømmerhoggar og teglsteinsarbeidar, gruvearbeidar og anleggsarbeidar og som journalist ei tid. Heile tida skreiv han både prosastykke og dikt, og frå 30-årsalderen vigde han seg heilt til forfattargjerninga.  I 1939 fekk han diktarløn av staten.
 

Eit vanskeleg liv

Foreldra til Uppdal var bønder, men gjekk konkurs da han var fem år gammal. Mor hans døydde da guten berre var sju, og ni år gammal blei han sett bort som gjetar. Det blei ein oppvekst med mykje slit, men etter kvart òg med tilgang til bøker, både noregshistorie og Holberg. Dette gjorde at han var fast bestemt på å bli diktar.
 
Uppdal måtte tene til livsopphaldet gjennom arbeid med veg- og jernbaneutbygging og i gruver. I åra 1904–1910 var han anleggsarbeidar, rallar. Mellom anna var han med å byggje ut kraftanlegga på Rjukan. Der blei han òg tillitsvald for tunellarbeidarane og var utsending på fleire faglege landsmøte.
 
Uppdal debuterte i 1905 med to små diktsamlingar, Kvæde og Ung sorg. Etter å ha gitt ut fire diktsamlingar og ei samling prosaskisser braut han med rallarlivet i 1910 og byrja skrive på det som skulle bli hovudverket hans, romanserien Dansen gjennom skuggeheimen. Fram til 1924 skreiv han i alt ti romanar og to store diktsamlingar i tillegg til ei mengd bokmeldingar i nynorskavisa Den 17de Mai, men så blei det slutt. Kona hans hadde lenge vore dårleg, og i 1923 blei ho sinnssjuk. I 1926 blei Uppdal sjølv lagd inn på sjukehus med forfølgingangst. Der var han i tre år.
 
Etter dette kom Uppdal seg aldri heilt på fote att. Han kjende seg miskjend og flytta fleire gonger til nye stader utan å kjenne seg heime eller kjenne seg velkomen.
 

Dansen gjennom skuggeheimen

Dansen gjennom skuggeheimen er eit storverk i norsk litteratur, både i omfang og i innhald. Saman med Sigrid Undsets Kristin Lavransdatter og Olav Duuns Juvikfolke skulle Dansen gjennom skuggeheimen gi ei samla framstilling av historia til det norske folket. Uppdal ønskte å løfte fram arbeidarklassen: «Romansyklusen Dansen gjennom skuggeheimen syner den bolken i den yngste historia vår, då arbeidarstandet skapar seg og stig fram. Det er lausrivinga frå opphavet, bondestandet: gangen til ei slekt frametter, proletariseringa, heilt ned til botnen, og vidare til den nye og yngste makt i samfunnet, arbeidaren.» (Frå Herdsla, forordet)
 
Slik sett plasserer Dansen gjennom skuggeheimen seg både i ein realistisk tradisjon i samtida og som eit sentralt verk i norsk arbeidardikting gjennom tidene. Men Dansen gjennom skuggeheimen er meir enn sosialrealistisk arbeidardikting, og det er meir enn ein kollektivroman om norske arbeidarar. Her finst naturmystikk som minner om Kinck, psykologiske skildringar som minner om Hamsuns «ubevidste Sjæleliv», ei framstilling av leiartypar som minner om Nietzches tankar om overmennesket, og her finst lyriske passasjar og dikt som heng saman med Uppdals eigen lyrikk.
 
Dansen gjennom skuggeheimen står fram som eit heile, likevel slik at kvar bok er sjølvstendig med handlinga lagd til ulike stader og miljø og med ulike hovudpersonar. Bøkene bli knytte saman ved at hovudpersonen i ei bok dukkar opp som biperson i andre bøker, og ved at handlinga skuvar seg framover i tid. Nokre bøker spenner over to–tre tiår, mens andre tek føre seg tidsperiodar ned mot tre veker.
 

Uppdals lyrikk

Uppdal var òg ein banebrytande lyrikar, særleg med dei fire diktsamlingane som kom i perioden 1915–1920. Diktinga hans blir sett i samanheng med dei finlandssvenske modernistane, og han blir rekna som ein av dei første norske ekspresjonistane. Uppdals lyrikk frå denne tida uttrykkjer den store samanhengen mellom livsdyrking, eroskraft og allnatur. Dette kjem mellom anna tydeleg fram i diktet «Bloddrope-trall». Menneske og natur er to sider av same sak.
 
Etter samanbrotet i 1926 blir han «vismannsdiktar». I 1947 kom Kulten, eit alvorstungt diktverk på 1200 sider.
 

Språket hos Uppdal

Språket hos Uppdal er òg særmerkt. Han skreiv nynorsk (landsmål) heilt frå byrjinga, men utan omsyn til dei normene for «rett» nynorsk som etter kvart fekk feste. Uppdals nynorsk var sterkt prega av trøndsk med ei mengd spesielle ord og uttrykksformer. Dette kjem til uttrykk både i lyrikken og i prosadiktinga.
 
Etter kvart utvikla Uppdal heilt si eiga språkform med røter tilbake i eit oldtrøndsk med kasusbøyingar i kjønn og tal. Det store diktverket Kulten gir såleis lesaren utfordringar med omsyn til både språk og innhald.
 

Kjelder

Bjarte Birkeland: «Dansen gjennom skuggeheimen», frå Norges litteraturhistorie. Oslo 1975
Bjarte Birkeland: «Kristofer Uppdal», frå Norges litteraturhistorie. Oslo 1975
Odd Solumsmoen: Domkirkebyggeren. Oslo 1978
Jan Erik Vold: Åt songa tå stjernom. Oslo 2005
Vigdis Ystad: Kristofer Uppdals lyrikk. Oslo 1978
 

Peikar

 

Vidare lesing

Bye, Arild: Kristofer Uppdal : ein mot alle, 2010
Norsk biografisk leksikon 2. utg.
Pedersen, Jens: Kristofer Uppdal : en norsk arbejderdigter, 1949
Solumsmoen, Odd: Kristofer Uppdal : domkirkebyggeren, 1959
Vedlegg til Dag og tid nr 10, 6. mars 1997 (tema: Kristofer Uppdal)
Ystad, Vigdis: Kristofer Uppdals lyrikk, 1978

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 21.10.2009
Sist oppdatert: 18.07.2018