Hopp til innhold
Lars Utne. Foto med løyve frå Hardanger og Voss Museum.
Lars Utne. Foto med løyve frå Hardanger og Voss Museum.
X
Innhald

Lars Utne

Lars Utne, bilethoggar som sette sitt merke på den unge monumentalarkitekturen i hovudstaden kring 1900, med kraftfulle utsmykkingsarbeid av heroisk karakter.

Utne var fødd 24. november 1862 i Ullensvang og døydde 8. august 1922 i Asker. Etter å ha studert under Lars Kinsarvik, Julius Middelthun, Mathias Skeibrok og Brynjulf Bergslien reiste Utne til Berlin, der han fekk store oppdrag og leverte sentrale figurar mellom anna til Riksdagsbygningen og til riksretten i Leipzig.


galleri

I 1896 busette han seg i Kristiania. Til Nationaltheatret modellerte han gavlgruppa «Sigurd Fåvnesbanes død» i sandstein og dei to dramatisk uttrykksfulle dyregruppene i bronse på taket over hovudfasaden. Mellom andre monumentalverk er relieffet «Arbeid og fred» over fasaden på Noregs Bank. Han kunne òg skape intime skulpturar i klassisk form og fint modellerte portrettbyster. Av einskildfigurar står den inntakande «Guten med beltet» (1915), innkjøpt til Nasjonalgalleriet, som det fremste. Marmorbysta av odelstingspresident Lars K. Liestøl i Stortinget er prega av fin karakteriseringsevne.

Som overlærar på teikneskulen vart han vegvisar for ein ny generasjon norske skulptørar. I lærargjerninga si var han kjend som ein sakleg, fast og myndig personlegdom.

Kjelder

Arne Durban: Norsk skulptur gjennom hundre år. Oslo 1942

Jens Thiis: Norske malere og billedhuggere, bd. 1. Bergen 1904

Reidar Storaas: «Bilethoggaren Lars Utne og samlingane hans». Hardanger folkemuseum 1961

Reidar Storaas: «Lars Utne», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 2005

O. Thue: «Lars Utne», Norsk biografisk leksikon, bd. 17. Oslo 1975

Først publisert: 17.12.2009
Sist oppdatert: 30.09.2016