Hopp til innhold
Magnus Ulleland. Privat foto. Nytta med løyve frå familien.
Magnus Ulleland. Privat foto. Nytta med løyve frå familien.
X
Innhald

Magnus Ulleland

Magnus Ulleland, professor i romansk filologi, ordboksforfattar og gjendiktar. Han var med og bygde opp italiensk som universitetsfag i Noreg og omsette italienske klassikarar til nynorsk.

Magnus Gustav Ulleland var fødd 10. september 1929 i Svanøybukt i Flora kommune og døydde i Oslo 7. mars 2016.

Ulleland finansierte gymnasutdanninga si sjølv og tok examen artium som privatist våren 1948. Om hausten same året byrja han ved det nyskipa Universitetet i Bergen. Ved Universitetet i Oslo tok han magistergraden i romansk filologi i 1957 og vart straks tilsett som universitetslektor i italiensk. Han var den første nordmannen i ei universitetsstilling i dette faget. Frå 1967 til 1974 var han dosent i romansk filologi ved Universitetet i Oslo, frå 1974 til 1996 professor.

Saman med Augosto Traversa gav Ulleland i 1959 ut den første italiensk-norske ordboka. Boka har kome i nye utgåver og nye opplag og er framleis standardordboka på sitt felt. I 1966 gav han ut Italiensk grammatikk, som kom i ny utgåve i 1981. I 1989 kom så norsk-italiensk ordbok, utarbeidd saman med Diana Haakonsen.

I forskinga si var han særleg oppteken av eldre italiensk. Han skreiv òg om retoromansk, eit av språka i Sveits. Italienske kollegaer heidra han i 2011 med eit utval av forskingsartiklane hans i boka Studi di italiano antico.

Ulleland merkte seg òg ut som omsetjar og gjendiktar. Han omsette til nynorsk Giovanni Boccaccios Dekameronen (1969–71), Niccolò Macchiavellis Alrunen (1971), Benvenutos Cellinis Livssoga mi (1974–75), Dante Alighieris Den guddommelege komedie (1993–96) og Alessandro Manzinis Dei trulovade (2001). I 1998 fekk han Det skjønnlitterære oversetterfonds pris.

Han vart vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1982 og vart i 1999 heidra med den italienske ordenen Grande Ufficiale Ordine al Merito della Repubblica Italiana.

I samband med 70-årsdagen i 1999 gav Klassisk og romansk institutt ved Universitetet i Oslo ut eit festskrift, Møte med strilestaden. Boka er ei samling minne og ettertankar om barndom, ungdom og dei første studieåra i Bergen, skriftfesta av Ulleland på nynorsk med stø litterær penn.

Kjelder

Dante Alighieri: Den guddommelege komedie. Til norsk ved Magnus Ulleland. Oslo 2000

Giovanni Boccaccio: Dekameronen I–III. Til norsk ved Magnus Ulleland. Oslo 1996

Unn Falkeid: «Minnetale over professor Magnus Ulleland», Årbok 2016, Det Norske Videnskaps-Akademi. Oslo 2016

Magnus Ulleland og Diana Haakonsen: Italiensk blå ordbok. Italiensk-norsk, norsk-italiensk. Oslo 2006

Magnus Ulleland: Giovanni Boccaccio – humanist og sogeforteljar. Oslo 1972

Magnus Ulleland: Italiensk grammatikk. Oslo 1981

Minneord i Aftenposten 29. mars 2016, Bergens Tidende 23. mai 2016 og Firdaposten 9. juni 2016


Magnus Ulleland: Møte med strilestaden. Oslo 1999. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.nohttp://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008090300124

Først publisert: 08.05.2019
Sist oppdatert: 12.09.2019