Hopp til innhold
X
Innhald

Marius Moaritz Ulfrstad

Marius Moaritz Ulfrstad (1890–1968) var ein av fleire komponistar som sette melodi til den norske songskatten, ikkje minst den nynorske.

Ulfrstad var fødd i Ålesund og studerte musikk hos Engelbert Humperdinck i Berlin, hos Ravel i Paris og hos Respighi i Roma. Han arbeidde i Oslo i mellomkrigstida og fekk etter kvart komponistløn frå staten. 

Ulfrstad skreiv fleire store orkesterverk, mellom anna fire symfoniar og konsertar for fiolin og klaver. Men den største produksjonen hans var truleg romansane, som han skreiv om lag seks hundre av. Her nyttar han tekstar av Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Olav Nygard, Arne Garborg og andre. Den mest kjende melodien er truleg til diktet «Tytebæret» av Vinje.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 16.10.2018
Sist oppdatert: 16.10.2018