Hopp til innhold
Ragnar Ulstein. Foto frå Fylkesleksikon Sogn og Fjordane.
Ragnar Ulstein. Foto frå Fylkesleksikon Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Ragnar Ulstein

Ragnar Leif Ulstein var aktiv sabotør i Kompani Linge. Etter andre verdskrigen er det knapt nokon som har skrive meir om krigen, og som har intervjua fleire krigsveteranar enn han. Livsverket hans vart å fortelje om dei som var med – dei som ofra livet, og dei som overlevde.

Ragnar Ulstein er fødd 19. april 1920 i Ulstein på Sunnmøre. Han tok examen artium ved Volda landsgymnas i 1940, og året etter var han ein av 16 ungdomar som stal ein båt og reiste til Shetland for å gjere ein innsats i krigen mot dei tyske okkupasjonsstyrkane, som hadde hærteke landet hans. Ulstein var ein av dei første som kom med i Norwegian Independent Company No. 1, eller Kompani Linge som det vart heitande, særleg etter at leiaren, kaptein Marin Linge vart drepen i Måløy-raidet i romjula i 1941. Ulstein fekk befalsutdanning og vart telegrafist, og samtidig med Måløy-raidet var Ulstein med på landgangen i Reine i Lofoten.

Sabotør og instruktør

I oktober 1944 vart Ulstein, frå ubåtjagaren «Hitra», sett i land i Dombevågen utanfor Florø. Som Linge-offiser skulle han saman med kollegaen Harald Svindseth organisere og instruere Milorg-styrkane i Sogn og Fjordane. Dei dreiv òg med sabotasjeaksjonar mot tyske mål i området. Etter krigen vart han journalist i Fjordabladet på Nordfjordeid i nokre år. Han var medforfattar i verket om Kompani Linge. Ei tid var han òg velferdsoffiser i Tysklandsbrigaden, og han var redaktør for Filmavisen frå 1951 til 1954. Frå då av var han journalist i Bergens Tidende, ein jobb han hadde fram til 1960. Så hadde han eit mellomspel som redaksjonssekretær i Sunnmørsposten, men frå 1964 av var han igjen i to år journalist i Bergens Tidende. Etter den tid har han konsentrert seg om å skrive krigshistorie, og frå 1972 har han vore statsstipendiat.

Krigshistorikar

Det er ein omfattande historisk dokumentasjon av den norske motstandskampen Ragnar Ulstein har gitt oss. Det han skreiv, byggjer på eigne opplevingar, men endå meir på eit tusental intervju han har gjort med motstandsfolk, grenselosar, flyktningar, hemmelege agentar, englandsfararar og nokre av dei jødane som overlevde krigen. Noko av det første han skreiv om, var englandsfarten, om alle dei som med fare for eige liv kom seg over Nordsjøen til Shetland, og alle dei som òg riskerte livet ved å frakte dei som måtte flykte, i små og ofte skrøpelege båtar. To bind vart det om englandsfarten. Så brukte han det omfattande lydbandmaterialet han hadde frå intervju med svenskelosar og mange av dei som flykta over svenskegrensa, til å skrive tre band om svensketrafikken. Han har skrive om motstandskampen på øyane utanfor Ålesund, Godøya, Giske og Vigra, i boka Småsamfunn i storkrig, og etter det skreiv han trebindsverket om etterretningstenesta i Noreg i krigsåra. Han har heile tida vore oppteken av jødane sin lagnad og skreiv i 1995 boka Jødar på flukt, der han skildrar historia til mange av dei norske jødane, både dei som vart tekne, og dei som greidde å kome seg unna. Han seier sjølv at det var eit kall for han å skrive denne boka. Det forferdelege som skjedde med jødane, er eit evig Kainsmerke i vår slekt, seier han. I 1999 skreiv han krigshistoria til si eiga heimbygd, Ulsteinvik: Lagunen og stormen. Ulstein – bygd i Europa 1940–45. I 1984 skreiv han Sunnmørsposten si 100-årshistorie: By og land i 100 år. Før han starta på krigshistoria, fekk han òg tid til å skrive eit par romanar: Harpegjengen i 1961 og Parade i 1964.

Gjennom Ragnar Ulstein sin store innsats har tusenvis av motstandskjemparar, som samtida, og heilt sikkert ettertida, hadde gløymt, vorte registrerte og trekte fram i lyset. Det omfattande registreringsmaterialet, som ikkje minst kona hans, Jenny Hermine Ulstein, har skrive av og katalogisert, er no overført til Heimefrontmuseet.

Utmerkingar

Ragnar Ulstein er dekorert med Kongens fortenestemedalje i gull, Deltakarmedaljen, St. Olavsmedaljen med to eikegreiner, Military Medal, Haakon VIIs 70-års medalje, Melsom-prisen, Hirschfeld-prisen for innsatsen han la ned som journalist for å kaste lys over lagnaden til krigsinvalidane, Sunnmørsprisen, Ålesunds kunstnarpris og Møre og Romsdal sin fylkeskulturpris.

Video: Ragnar Ulstein blir intervjua i samband med tildelinga av Møre og Romsdal sin fylkeskulturpris i 2014.

Bøker

Kompani Linge I og II (saman med Erling Jensen og Per Ratvik). Gyldendal 1948

Harpegjengen, roman. Samlaget 1961

Parade, roman. Samlaget 1964

Englandsfarten I: Alarm i Ålesund. Samlaget 1965

Englandsfarten II: Søkelys mot Bergen. Samlaget 1967

Samarbeid om samferdsel. Møre og Romsdal fylkesbåtar 1920–1970. Eige forlag 1970

Pionertid. A/S Olivin 1948–1973, bedriftshistorie. Eige forlag 1973

Svensketrafikken I: Flyktningar til Sverige 1940–43. Samlaget 1974

Svensketrafikken II: Flyktningar til Sverige 1943–45. Samlaget 1975

Svensketrafikken III: Flyktningar frå Trøndelag og Nord-Norge til Sverige 1940–45. Samlaget 1977

Småsamfunn i storkrig. Historia om Giske 1940–1945. Samlaget 1980

By og land i 100 år. Sunnmørsposten 1882–1982. Eige forlag 1982

Etterretningstjenesten i Norge 1940–45 I: Amatørenes tid. Cappelen 1989

Etterretningstjenesten i Norge 1940–45 II: Harde år. Cappelen 1990

Etterretningstjensten i Norge 1940–45 III: Nettet strammes. Cappelen 1992

Jødar på flukt. Samlaget 1995

Om samferdsel i Møre og Romsdal, del 1: Som skyttel i vev. Møre og Romsdal fylkesbåtar 1920–1995 (hovudredaktør). Møre og Romsdal fylkesbåtar 1995

Lagunen og stormen. Ulstein, bygd i Europa 1940–45. Forum-Aschehoug 1999

Kjelder

Sunnmørspostens arkiv

Kjartan Rødland: «Ragnar Ulstein», Norsk biografisk leksikon: https://nbl.snl.no/Ragnar_Ulstein [lesedato 15.06.2015]

Bøker av Ragnar Ulstein, Nasjonalbiblioteket:

http://www.nb.no/nbsok/search?page=0&menuOpen=false&instant=true&action=search¤tHit=-1&searchString=Ragnar%20Ulstein [lesedato 15.06.2015]

Forsvarets Forum: http://fofo.no/?_ips_encoding=utf-8&template=redesignsearch&qsize=200&pagesize=500&module=Search&action=publicSearch&query=Ragnar+Ulstein&qtype=Articles.Article [lesedato 15.06.2015]

Først publisert: 02.09.2015
Sist oppdatert: 07.07.2016