Hopp til innhold
1932. Foto: Ernest Rude, Oslo Museum CC BY-SA 3.0
1932. Foto: Ernest Rude, Oslo Museum CC BY-SA 3.0
X
Innhald

Sigrid Undset

Sigrid Undset, norsk forfattar, vann Nobels litteraturpris i 1928 for mellomalderbøkene om Kristin Lavransdatter og Olav Audunssøn. Under andre verdskrigen brukte ho den litterære posisjonen sin til å kjempe for norsk fridom og demokrati.

Sigrid Undset var fødd 20. mai 1882 i Kalundborg i Danmark og døydde 10. juni 1949 på Lillehammer. Ho voks opp i Kristiania. Etter at ho tok handelsskuleeksamen i 1899, fekk ho arbeid som kontordame ved ingeniørfirmaet Allegemeine Elektritzitäts Gesellschaft, AEG (1899–1909) i Kristiania.
Undset debuterte som forfattar med romanen Fru Marta Oulie (1907). Sidan gav ho ut novellesamlingar, lyrikk, essay og romanar. Ho skreiv samfunnskritisk litteratur og mellomalderlitteratur. Det er den forteljande prosaen, og då først og fremst trilogien om Kristin Lavransdatter (1920–22), som har gjort forfattaren Sigrid Undset kjend. Etter mellomalderromanane om Kristin Lavransdatter og Olav Audunssøn (1925–27) krinsar mykje av den samfunnskritiske forfattarskapen hennar om den katolske kyrkja.
(Artikkelen held fram under videoen)
 
 
Video: Sigrid Undset debuterar som forfattar.
Under andre verdskrigen var Sigrid Undset flyktning, og frå eksiltilværet sitt i USA mante ho til kamp mot diktaturet og nazismen.
Undset fekk tildelt ei rekkje utmerkingar for forfattarskapen og for innsatsen under andre verdskrigen. I 1928 fekk ho som første norske kvinne nobelprisen i litteratur for bøkene om Kristin Lavransdatter og Olav Audunssøn. I 1930 blei ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. OIavs Orden for forfattarskapen sin, og i 1947 fekk Undset, som første kvinne, tildelt storkrossen av St. Olavs Orden for det litterære arbeidet sitt og for innsatsen for fedrelandet.
(Artikkelen held fram under videoen)
 
Video: Video av Sigrid Undset då ho mottok Nobels litteraturpris i 1928. I videoen høyrer vi òg sonen hennar og andre fortelje om personen Sigrid Undset.
I 1920 flytta ho frå Kristiania til Lillehammer. Eigedomen ho kjøpte der, fekk namnet Bjerkebæk. Med unntak av åra i USA budde Undset her fram til ho døydde i 1949. Bjerkebæk er i dag eit museum.
Sigrid Undset sin heim Bjerkebæk på Lillehammer, her som postkortmotiv.
Sigrid Undset sin heim Bjerkebæk på Lillehammer, her som postkortmotiv.
Foto: Nasjonalbiblioteket (No known copyright restrictions/ public domain).
Samtidsskildringar
Dei realistiske samtidsbøkene til Undset har ofte Kristiania som kulisse. Ho skildrar eit konservativt borgarskapsmiljø med store utfordringar i møtet med den moderne verda. I debutromanen Fru Marta Oulie (1907) skriv ho om borgarlege kvinner som er fanga i ulykkelege ekteskap.
I gjennombrotsromanen, Jenny (1911), skildrar ho ein kjærleiksdraum som utviklar seg til eit mareritt. Som kunstnar i Roma lever hovudpersonen Jenny eit liv i fridom, utan moralske bindingar. Etter at ho er blitt valdteken av ein forsmådd Helge Gram, endar historia med at ho tek sitt eige liv. Med Jenny kritiserer Undset samtida si haldning til likestilling mellom kjønna.
Undset konverterte til katolisismen i 1924. Samtidsskildringane hennar får etter kvart ei ny vending, mot romanar og helgenforteljingar med katolsk moral. Desse bøkene blir ofte nedvurderte i høve til resten av forfattarskapen hennar.
Mellomalderromanar
I løpet av sju år gav Undset ut trilogien om Kristin Lavransdatter og tobandsverket om Olav Audunssøn. For mellomalderromanane blei Undset den tredje nordmannen og den første norske kvinna som fekk nobelprisen i litteratur. Det skjedde i 1928.
Kransen (1920), Husfrue (1921) og Korset (1922) skildrar livshistoria til Kristin Lavransdatter frå ho blir fødd tidleg på 1300-talet til ho døyr av pesten i 1349. Trilogien om Kristin Lavransdatter er ei klassisk kjærleiksforteljing. Den raude tråden i verket er kjærleiken mellom Kristin og riddaren Erlend Nikulaussøn. I siste del av Korset blir Kristin enkje, og kjærleiken vender ho no til Gud. Ho døyr som nonne i eit kloster.
Olav Audunssøn er hovudpersonen i Undsets andre romanverk frå mellomalderen. Den religiøse dimensjonen er viktig i både Olav Audunssøn i Hestviken (1925) og i Olav Audunssøn og hans børn (1927). Olav kjempar ein livslang kamp mot Guds vilje. Undset tematiserer motsetnaden mellom heidenskap og kristendom, samstundes som kjærleiken mellom mann og kvinne er ein viktig del av den ytre handlinga i bøkene.
KulturkampCa. 1900-05. Foto: E. Rude, Oslo Museum CC BY-SA 3.0
Eit skilje i den norske kulturdebatten i mellomkrigstida gjekk mellom dei kulturradikale og dei kulturkonservative. Ved å agitere for ein kristen moral og eit kristent menneskesyn, blei Undset ei viktig støtte for dei kulturkonservative. Ho kritiserte kjønnsrollekampen i samtida og meinte at kvinner best kunne realisere seg sjølv i rollene som mor og hustru.
Det kristne menneskesynet var ei rettesnor i retorikken hennar då ho kjempa for demokrati og fridom under andre verdskrigen. I kampen mot diktaturet og nazismen stilte ho vondskapen opp imot det ho såg som den sanne kristendomen. Frå og med det fem år lange eksiltilværet i USA brukte ho den litterære posisjonen sin til å kjempe for norsk fridom og for jødane si sak gjennom talar og skriftlege publikasjonar.
Kjelder
Liv Bliksrud: Natur og normer hos Sigrid Undset. Oslo 1995
Liv Bliksrud: Sigrid Undset. Oslo 1997
Sigrun Slapgard: Sigrid Undset. Dikterdronningen. Oslo 2007
Tordis Ørjasæter: Menneskenes hjerter. Sigrid Undset – en livshistorie. Oslo 1993
Peikarar

Først publisert: 04.04.2014
Sist oppdatert: 28.05.2014