Hopp til innhold
Tor Ulven. Foto: ©Lars Aarønæs / Gyldendal. Nytta etter avtale.
Tor Ulven. Foto: ©Lars Aarønæs / Gyldendal. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Tor Ulven

Tor Arvid Ulven, forfattar som skreiv presist om både kvardagslege, eksistensielle og kosmiske emne. I både poesi og prosa er den eksistensielle pessimismen hans følgd av ein neddempa, svartsynt humor.

Tor Ulven var fødd 14. november 1953 i Oslo og døydde for eiga hand 18. mai 1995 same staden. Ulven budde mesteparten av livet på Årvoll i Oslo. Han gjekk Forsøksgymnaset, tok kranførarsertifikat og hadde ulike praktiske jobbar i ungdomstida. Etter debuten var han forfattar på heiltid.
 
Debutsamlinga Skyggen av urfuglen (1977) er påverka av surrealismen. I oppfølgjarane er denne påverknaden mindre klar. Etter oss, tegn (1980), Forsvinningspunkt (1981), Det tålmodige (1987) og Søppelsolen (1989) er alle høgst originale diktsamlingar, bygde opp rundt ei lågmælt, men likevel tydeleg diktarrøyst. Språket til Ulven er finstemt, detaljert og musikalsk, og arkeologiske leivningar er gjennomgåande motiv i dikta – til dømes knoklar, hovudskallar og ruinar. Desse motiva peikar òg mot nokre sentrale tema i Ulven sin forfattarskap: tid, død og forsvinning. Både tematisk og stilistisk kan han såleis minne om den rumenske diktaren Paul Celan. Ulven sitt diktunivers er mørkt og pessimistisk, men dikta hans er likevel ikkje fri for humor: «Livet er avlyst», heiter det til dømes i eit dikt. I 1996 kom Etterlatte dikt, og i 2000 kom Samlede dikt.
 
Ulven er òg ein av dei viktigaste kortprosaforfattarane i nyare norsk litteratur. Han publiserte lyrisk prosa i Gravgaver (1988), Fortæring (1991) og Stein og speil (1995), og historier i Nei, ikke det (1990) og Vente og ikke se (1994). Avløsning (1993) er den einaste romanen han skreiv. Prosaen hans er poetisk, og materiell detaljfiksering er kombinert med eksistensielle og kosmiske perspektiv. Han skreiv ei eiga form for modernistisk realisme og hadde ei sjeldsynt evne til å skrive gåtefullt og glasklart, kryptisk og klarsynt på same tid. Ulven skreiv òg essay, utgitt i Essays (1997), og han gjendikta franske forfattarar som Claude Simon og René Char.
 
Han var svært mediesky og gav berre eitt intervju, til litteraturtidsskriftet Vagant i 1993.
 
Ulven fekk Hartvig Kirans minnepris i 1990, Obstfelderprisen i 1993 og Doblougprisen i 1995.
 

Kjelder

Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2012
Elisabeth Heggernes: «Realisme og underliggjøring i Tor Ulvens lyrikk og kortprosa». masteroppgåve. Universitetet i Bergen 2013
Janike Kampevold Larsen: «Etterord: Mørket i boken», i Tor Ulven: Prosa i samling. Oslo 2001
Henning Endrestad Svensson: «Tid og sansning. En stilistisk lesning av Tor Ulvens Avløsning», masteroppgåve. Universitetet i Oslo 2014
 

Peikarar

Radiodokumentaren «Mørket i enden av tunellen – et portrett av Tor Ulven», av Kari Hesthamar, nrk.no

Først publisert: 10.12.2014
Sist oppdatert: 14.11.2019