Hopp til innhold
X
Innhald

Tore Ulstein

Tore Ulstein, doktoringeniør, styreleiar og visekonsernsjef i Ulstein Group og tidlegare president og styreleiar i NHO (Næringslivets Hovudorganisasjon).

Tore Ulstein er fødd 21. desember 1967 og voks opp i Ulsteinvik i Møre og Romsdal. Han tok vidaregåande skule i 1983–86, studerte til sivilingeniør ved NTNU i 1986–91 og skreiv diplomoppgåva ved MIT (Massachusetts Institute of Technology) i USA. Ulstein tok doktorgrad i hydrodynamikk ved NTNU i 1995, med ei avhandling om vibrasjonar i hurtiggåande fartøy. Han arbeidde ved NTNU som førsteamanuensis II, deretter som doktoringeniør ved Marintek AS, og han har hatt leiarstillingar i Ulstein-konsernet sidan 1999.

Det maritime familiekonsernet Ulstein blei etablert i 1917. Konsernet har vore igjennom nødvendige omstruktureringar, og Tore Ulstein har spela ei viktig rolle i utviklinga og endringane i norsk skipsindustri. Han er oppteken av innovasjon og verdiskaping, konkurransekrafta til norske bedrifter, kompetent arbeidskraft, berekraftig lønnsnivå og eit meir fleksibelt arbeidsliv.

Ulstein har hatt ei rekkje styreverv, mellom anna er han styreleiar i Ulstein Group og Ulstein Shipping (frå 2011), og han var president og styreleiar i NHO 2013–17.

Kjelder

Inger Marit Kalstad: «Skolesinken som ble NHO-sjef», Vårt Land, vl.no, publisert 17.6.2014: http://www.vl.no/2.615/skolesinken-som-ble-nho-sjef-1.85626 [lesedato 7.12.2015]

NHO: «Tore Ulstein», nho.no: https://www.nho.no/Om-NHO/Kontaktpersoner/Tore-Ulstein/ [lesedato 7.12.2015]

Tore Ulstein sin profil på LinkedIn: https://www.linkedin.com/in/tore-ulstein-7018b83/?ppe=1 [lesedato 10.8.2017]

Peikarar

Aftenposten: «NHO med krisekrav til politikerne», aftenposten.no

Dagbladet: «Tore Ulstein: – Tøffe situasjoner», dbtv.no

Skipsrevyen: «Havrommet – det norske mulighetsrommet», skipsrevyen.no, publisert 22.11.2015

Først publisert: 24.08.2017
Sist oppdatert: 24.08.2017