Hopp til innhold
X
Innhald

Unni Berge

Foto: Cato Buch.

Foto: Cato Buch.

Unni Berge fødd 1979 i Bygstad, busett i Oslo. Miljøarbeidar og politisk sekretær. Mastergrad i statsvitskap.

Ho har vore landsleiar for Operasjon Dagsverk og styreleiar i Natur og Ungdom.

Vart i 1997 oppnemnd som medlem av Verdikommisjonen som Bondeviks 1. regjering sette ned for å finne fellesnormer for det norske samfunnet.

Berge har arbeidd som fagleg ansvarleg for oljesaker i miljøorganisasjonen Bellona, seinare som fagleg ansvarleg i milsjøstiftinga Zero innan feltet fornybar energi. Ho arbeider og som prosjektmedarbeidar for Sunnfjord Energi med vindkraft i Solund

Unni Berge har gitt ut boka "FEBER. Historia om norsk olje og gass" saman med Gudmund Skjeldal (Cappelen Damm 2009).

I 2012 vart ho utnemnd til politisk sekretær i Bistands- og utviklingsdepartementet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.04.2012